Fotavtrykk

Media gjennomsyrer dagens samfunn, så ein får bruk for denne utdanninga i mest alle yrke. Her har me samla eit knippe tidlegare MK-elevar som jobbar med ulike yrke i mediebransjen no, som har jobba i mediebransjen tidlegare, eller – som driv med heilt andre ting, men der mediekompetansen likevel kjem godt med. Her vil du difor finne alt frå regissørar, fotografar, programmerarar og designarar, til politi, lærarar og advokatar.

| SIDE 1 | SIDE 2 | SIDE 3 |

Antonia Kvalsvik har bachelorgrad i sosiologi og i statsvitskap, og sit i dag i bystyret i Stavanger. Ho jobbar også frilans hjå FN-sambandet der ho jobbar med formidling og kommuikasjon om internasjonale konflikter til elevar frå barneskulen til vidaregåande skule. Gjennom politikken har ho tatt ein journalist eller fem i å bryte Ver varsam-plakaten, og har absolutt fått nytte av kommunikasjonteknikkar ho lærde på MK. Foto: Privat.

Espen Breivik studerer statsvitskap på Universitetet i Oslo. Han har tidlegare vore leiar i Røde Kors Ungdom og redaktør i Natur og ungdom-magasinet Putsj. Han skal no over til Nynorsk mediesenter i NRK. Foto: Privat.

Olav Standal Tangen jobba eitt år som vernepliktig fotograf på Forsvarets mediesenter etter vidaregåande. For tida jobbar han som einaste foto- og videofotograf for Forsvarets forum, fagbladet i forsvaret med eit opplag på 70 000 eksemplar. Ved sidan av jobben i Forsvaret har han vore sjølvstendig næringsdrivande ei rekkje år, mellom anna som fotograf for SunnmørspostenFri Flyt og Stryn Sommerski, fotoansvarleg på X2-festivalen m.m. Olav starta dessutan opp designbyrået Cape Branding saman med klassekompisane Stephan Ervik og Simon Dagfinrud medan dei framleis gjekk på MK, med god gründerhjelp frå Martin Foldal og hoppid.no, som har kontor i Sunnmøre kulturnæringshage i Volda. Foto: Privat.

Linda Nordstrand gjekk to år som fotograflærling i Forsvaret på Andøya, før ho tok fagbrev i 2013. Deretter fekk ho seg fast jobb som fotograf der oppe, og har jobba med det sidan. I 2015 starta ho eige fotograf/designfirma, Fotograf Linda Nordstrand, og opna nettbutikk hausten 2016. I det siste har det gått mykje i design av ulike kartplakatar og konfirmasjonskort, som igjen vert selt i butikk i både Volda og på Andøya. Foto: Privat.

Lars Skaland er regissør og fotograf. Han jobbar frilans i Trondheim og er tilknytta selskap som Medialab, Trondheim Media og Spotzer. Han driv også sitt eige firma Rec Film. Lars har filma konsertar med artistar som Tom Jones, Ole Paus og Åge Aleksandersen, og han har filma direktesendingar for både NRK og TV2. Han har også regissert fleire reklamefilmer for nasjonal TV og ein del musikkvideoar. Foto: Privat.

Victoria Rinde var fotolærling hjå Per Eide i 2,5 år. Etter å ha lagt kamera på hylla nokre år opna i ho 2015 eige fotostudio på Hareid, VRFoto. Ho starta me 85 kvm, men har no eit lokale på 325 kvm, som vidare skal byggjast om i januar 2017. Foto: Privat.

Silje Andrea Bueide Gulla fordjupa seg i radio og lydproduksjonpå MK. Etter vidaregåande gjekk ho to år på NISS (no Westerdals) der ho studerte generell lydproduksjon (1. året) og film, TV -og kringkastingslyd (2. året). No jobbar ho som lydteknikar, instruktør og stundom omsetjar av manus i NorDubb Studios AS. Her har ho hatt ansvaret for dubbinga av mange seriar på NRK Super, Netflix, TV 2, Disney Channel og mange fleire. I 2016 fekk ho jobbe med sin første kinofilm, i rolla som både instruktør og teknikar. Foto: Privat.

Ingvild Velsvik studerte bachelor i politiutdanning ved politihøgskolen i Oslo. I 2015 var ho ferdig utdanna, og no jobbar ho som etterforskar på team for grov vald og seksuelle overgrep i Molde. MK gav henne god kunnskap innan fotografering, noko som kjem godt med når eksempelvis ein åstad skal dokumenterast. Foto: Privat.

Pia Sofie Øye studerte eittårsstudiet Mediekunnskap ved Høgskulen i Volda, før ho starta på bachelor i PR, kommunikasjon og media ved samme skule. I løpet av PR-studiet var ho kommunikasjonsmedarbeidar for PR-studentane, ein studentorganisasjon som tilbyr gratis kommunikasjonstenester til bedrifter. Siste semesteret hadde Pia ekstern praksis i Team kommunikasjon i Ålesund kommune. Der fekk ho omtale for kampanjen #OpplevÅlesund i både SunnmørspostenRadio ÅlesundBypatrioten og NRK Møre og Romsdal. Etter mykje sjølvpromotering på privat Facebook-profil og eigen blogg blei Pia tilsett som tekstforfattar i Havnevik designbyrå, før endt utdanning. Her har ho ansvar for alt av tekst, samt held kurs og bistår kundar på sosiale medier. Foto: Privat.

Vilde Moltudal har tatt ei bachelorgrad i medieledelse og innovasjon ved høgskulen på Gjøvik, og har starta på ei mastergrad i samfunnsplanlegging. Ho jobbar no som informasjons- og sørviskonsulent i Ørsta kommune. Her har ho varierte oppgåver: alt frå å svare på telefonar, til å designe brosjyrar og rapportar, lage filmar og artiklar til heimesidene til kommunen. Foto: Privat.