Fotavtrykk
Media gjennomsyrer dagens samfunn, så ein får bruk for denne utdanninga i mest alle yrke. Her har me samla eit knippe tidlegare MK-elevar som jobbar med ulike yrke i mediebransjen no, som har jobba i mediebransjen tidlegare, eller – som driv med heilt andre ting, men der mediekompetansen likevel kjem godt med. Her vil du difor finne alt frå regissørar, fotografar, programmerarar og designarar, til politi, lærarar og advokatar.
Stein-Ivar Måseidvåg Gamlem har studert juss ved Universitet i Bergen, med eitt års utveksling i Strasbourg i Frankrike. Han er i dag advokat ved Advokatfirmaet Føyen Torkildsen AS og arbeider hovudsakleg med saker som gjeld fast eigedom. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]
Benjamin Alexander Ulstein tok bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda etter vidaregåande. Etter det jobba han som sjølvstendig næringsdrivande med webutvikling og -design før han fekk jobb som digitalrådgjevar i kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller. Her jobbar han med kommunikasjonsstrategi, marknadsføring og innhaldsproduksjon for ulike kundar. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]