Fotavtrykk

Media gjennomsyrer dagens samfunn, så ein får bruk for denne utdanninga i mest alle yrke. Her har me samla eit knippe tidlegare MK-elevar som jobbar med ulike yrke i mediebransjen no, som har jobba i mediebransjen tidlegare, eller – som driv med heilt andre ting, men der mediekompetansen likevel kjem godt med. Her vil du difor finne alt frå regissørar, fotografar, programmerarar og designarar, til politi, lærarar og advokatar.

| SIDE 1 | SIDE 2 | SIDE 3 |

Asgeir Hoem har studert på universitet i Newcastle, har jobba som sjølvstendig næringsdrivande, og han har jobba i webbyrået Konsepthuset AS. Han har jobba med den suksessrike og prisvinnande web- og mobilapplikasjonen Stay.com, som administrerande direktør og interaksjonsdesigner. No er han sjef for produktdesign hjå Exabel, eit firma som «løyser finansproblem ved hjelp av kunstig intelligens». Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Svanhild Vindenes Egge har bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå høgskulen i Buskerud, med utveksling siste året til Queensland University of Technology i Brisbane. Ho byrja karriera si i Brisbane og jobba der i nokre år som Web Designer for digitale byrå. No er ho Digital Designer for Making Waves i Oslo der ho har jobba med design for digitale løysingar, m.a. for NSB og Ruter. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Randi Jannet Nordnes jobbar som grafisk designer hjå NordvestProfil AS i Ørsta, eit firma som driv med profilering, storformatprint, bildekor, tekstiltrykk og trykksaker. Etter om lag eitt år med jobbtrening vart ho offisielt tilsett 1. september 2016. Her jobbar ho med grafisk design, til dømes utforming av plakatar og logoar. I tillegg er ho trykkansvarleg for tekstiltrykk. Randi seier ho har fått god bruk for opplæringa i Adobe-programma på MK i Volda, då ho måtte setje seg fort inn i desse i jobben. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Arve Båtevik har studert grafisk design på Westerdals i Oslo og studerer no skriftdesign på ECAL i Lausanne. Innimellom studier har han jobba for Cornel Windlin, Edition Fink og Eriksen/Brown. For tida jobbar han med å utvikle eit skriftsnitt for skriftforlaget Lineto. Sjå porteføljen til Arve. Foto: Skuleguiden 2009-10. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Idun Lausund Kvalsvik jobba ved Edda Annonseproduksjon (no AMEDIA) på Vestnes i frå 2007 til dei flytta avdelinga til Tønsberg våren 2010. Der tok ho sveinnebrev som mediegrafikar. Sumaren 2010 var ho ferievikar på desken i avisa Fjordingen, og frå 2010 til 2014 var ho tilsett i Haramsnytt (no Nordre) som grafikar, og arbeidde både på desken og i annonseproduksjon. Ho har tatt ein bachelor i kunst & handverk ved høgskulen i Volda, inkludert 30 studiepoeng i visuell design. Ho har òg studert norsk og religion, og underviser no på ein ungdomsskule og tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) parallelt. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Hannah Kolås har studert journalistikk på høgskule i Kristiansand og radio på Danvik folkehøgskule. Ho har vore å høyre både på NRK P3, NRK mP3, NRK P1 og P4 på radioen, og ein har kunne lest mediekritiske kommentarar om både «click baits» og musikkmeldingar som ho har skrive som frilansjournalist for Medier24. Sistnemnde sak gjorde at ho hamna på debattprogram både i Dagbladet, P2 Kulturhuset, TV 2 Nyhetskanalen, Dagsnytt 18. Ho er no tilsett ved Norsk Målungdom, der sambygding og også tidlegare MK-elev, Synnøve Marie Sætre, er leiar for landsstyret. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Thomas Sætre skipa sitt eige firma etter vidaregåande skule. Han har jobba 8 år i TAFJORD som kundekonsulent, men er no tilsett i PARKLY som supportleiar. Han driv framleis firmaet sitt, Sætre Entertainment, som utfører tenester innan data, web, grafisk, foto med meir. Utdanninga hans etter MK er eit årsstudium i økonomi og leiing, forkurs for ingeniør og ei bachelorgrad i ingeniørfag, data. Alt saman på høgskulen i Ålesund. I papiravisa for Karrieredagane i 2012 var Thomas intervjua om utdanninga si på MK i Volda. Her framhevar han m.a. verdien av å lære seg å jobbe sjølvstendig, og korleis eigenevaluering av arbeid og prosess har hjelpt han vidare i livet. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Feb 2021]

Sunniva Krøvel-Velle gjekk på linje for foto, DV og grafisk design på folkehøgskule etter vidaregåande. Vidare har ho eitt år med mediekunnskap frå høgskulen i Volda og eitt år med multimediedesign på Noroff. Ho har også jobba 2,5 år som fotograf, etter å ha vore fotograflærling i to år. I 1,5 år var ho grafisk medarbeidar i Volda-avisa Møre, og no er ho marknadskonsulent hjå Haugen Bok. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Kristine Sandnes tok bachleor i Media, IKT og design (MID) på Høgskulen i Volda etter vidaregåande. Ho har jobba på Møre-Nytt som desk-og marknadamedarbeidar, men er no tilsett i TINDE Design & Trykk i Ulsteinvik. Her jobbar ho som koordinator på førtrykkavdelinga med design av trykksaker og produksjon av all digitalprint i bedrifta. Samstundes med jobb har ho tatt eit år på BI, der ho har studert marknadskommunikasjon. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]

Simon Dagfinrud studerer interaksjonsdesign og programmering ved Universitetet i Oslo, og jobbar for reklame- og utviklingsbyrået Racer. Har tidlegare drive designbyrået Cape Branding saman med andre tidlegare MK-elevar, Stephan Ervik og Olav Standal Tangen. Jobbar for tida òg som sjølvstendig næringsdrivande, med webutvikling og ymse designrelatert arbeid, ved sidan av anna jobb og studium. Foto: Privat. [Sist oppdatert: Nov 2017]