Vekas lenkjer – Veke 7

Eg tenkte eg kunne dele ressursar eg finn i løpet av veka medan eg leitar etter løysingar på mine webrelaterte problem. Mange finn eg frå RSS-matinga som også er på denne sida, og nokre finn eg utanom.

50 Photoshop-brushar du burde bokmerke
Her er mange allsidige brushar, som har anstendige lisensrettar, og som kan brukast i nesten alle prosjekt du har føre deg. Veldig nyttig for deg som arbeidar i Photoshop.

20 gratis ikonsett for designerar
Også ei veldig aktuell lenkje. Her kan du laste ned fleire sett med ikon du kan bruke gratis i prosjekta dine, også kommersielle. Stor nytteverdi :)

Nyttige ressursar og tutorials frå Speckyboy
Gir deg mange nyttige tutorials. Her er mellom anna ein tutorial for knappar med CSS3, som eg i hvert fall sjølv såg som særs interessant.

Font Fuse
Font Fuse er kanskje ikkje noko du tenkjer over at du treng… Om du slit med kva skrifttyper som passar saman, kan det vere aktuelt å sjekke ut dette galleriet for å finne ut nettopp det.

Og til slutt Little Big Details
Denne las eg eit stykke nedover på, for den er ganske interessant. Her kan du sjå gjennomtenkte detaljar i brukargrensesnitt. For eksempel står her om at det ikkje viser http:// i adressefeltet i Chrome, men det gjer det nå du kopierar det inn ein annan stad.

Dette innlegget vart lagt inn i Ressursar, Vekas lenkjer. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>