Inspirert av Tiny Bergen og Miniature Calendar skulle elevar med valfag Grafisk design lage små digitale installasjonar av nærmiljøet ved hjelp av eige mobilkamera + Photoshop.
Oppgåva var altså å gå ut og fotografere aktuelle «scener» rundt omkring på skuleplassen og omeign, og deretter manipulere inn små personar og objekt i Photoshop. Læraren laga så QR-koder for kvart bilete, og elevane plasserte desse sjølv på dei ulike lokasjonane. Ved å skanne QR-koden kunne folk dimed enkelt sjå «før og etter».
Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri av resultatet (klikk på bileta for å sjå dei i fullskjerm og utan beskjæring). Til vitande var dette aller fyrste Photoshop-prosjektet til elevane, med bortimot null opplæring i forkant.
Seinare vil dei gjere tilsvarande under årets Øyralangs, dvs. plassere små digitale installasjonar langs Elvadalen i Volda.




























