Hospitering 2021

* Stillbilete frå reklamefilm for Coca-Cola, laga av MK-elevar i 2015.

Velkomen til ein dag saman med MK-familien!

I dag skal de få prøve dykk på heile prosessen frå idé til ferdig(e) medieprodukt. Konkret skal de lage ein kort reklamefilm, inkludert sjølvprodusert logo og plakat. Elevar frå klasse 2MK hjelper dykk!

Grov køyreplan

KVA?NÅR?KVAR?KORLEIS?
Oppstart09:30Klasserom R2Me ser på nokre reklamefilmar som inspirasjon og går gjennom køyreplanen.
Produksjonsøkt09:45 – 11:00Klasserom R2, lydstudio, fotostudio, animasjonsstudio, ulike lokasjonar på skulenAlle må lage logo og skrive ut etikett før dei kan gjennomføre fotografering og filming i studio. Dei ulike studioa ligg i nærleiken av kvarandre, så om ein nyttar maks 10 minutt i studio så bør det gå bra å fordele seg. Er det kø ein stad så kan ein filme på andre lokasjonar eller jobbe vidare med andre delar av produksjonen i nærleiken av studioa.
Redigeringsøkt11:30 – 13:00Klasserom R2Økta til å redigere og ferdiggjere filmen er romsleg, så det er høve til å ta opp att eller jobbe vidare med delar av produksjonen i løpet av denne økta, eventuelt lage ein plakat i tillegg.
Avslutting13:15 – 14:00FestsalenMe samlar oss i festsalen på slutten av dagen for meir informasjon om MK, spørsmålsrunde og filmvisning.

Me ser på nokre tidlegare reklamefilmar, både profesjonelle og filmar laga på MK, og går gjennom køyreplanen for dagen.

Henning-Olsen

Sørlandschips

Coca-Cola

Solidox

Farris

Tenk ut namn til ein fiktiv leskedrikk og planlegg logo, plakat og reklamefilm.

De skal i løpet av dagen:

  • designe etikett i Photoshop
  • ta produktfoto i fotostudio
  • spele inn forteljarstemme i lydstudio
  • filme scener tl reklamefilmen, minst eitt klipp skal filmast på grønskjerm i animasjonsstudio
  • leggje på musikk og lydeffekter

Skriv notatar, lag tankekart, skisser og storyboard som grunnlag for produksjonen vidare. Ta bilete av aktuelt førebuingsmateriell og del dei ved å laste opp på denne digitale oppslagstavla.

  • Lim utskrift av etiketten de laga på boksa de får tildelt
  • Ta bilete av produktet i fotostudio
  • Redigere utvalde bilete og last opp i denne mappa
  • Spel inn forteljarstemme i lydstudio
  • Last opp lydfil(er) i denne mappa
  • Film dei ulike scenene de har planlagt, på ulike lokasjonar på skuleområdet
  • Film minst eitt klipp framfor grøneskjermen, finn aktuelle bakgrunnar på Storyblocks
  • Last opp filmfil(er) i denne mappa
  • Bruk materialet du har produsert i løpet av dagen til å redigere saman ferdig reklamefilm, maks 30 sekund
  • Finn musikk og lydeffekter på Storyblocks
  • Eksportere ferdig film og last opp i denne mappa
  • Om de har tid til overs kan de gjerne lage ein reklameplakat – bruk i så fall same malen som de brukte til å lage etiketten og bruk Storyblocks til å finne rettigheitsklarerte bilete og grafikk de kan bruke
  • Eventuell plakat lastar de opp i denne mappa