Hospitering

* Stillbilete frå reklamefilm for Coca-Cola, laga av tidlegare MK-elevar.

Velkomen til ein dag saman med MK-familien!

I dag skal de få prøve dykk på heile prosessen frå idé til ferdig(e) medieprodukt. Konkret skal de lage ein kort reklamefilm og -plakat for ein leskedrikk med eigenprodusert etikett. Elevar frå klasse 2MK hjelper dykk!

Grov køyreplan

KVA?NÅR?KVAR?KORLEIS?
Oppstart
(15 min)
09:20Klasserom R8Me går gjennom køyreplanen for dagen, og ser på nokre reklamefilmar som inspirasjon.
Idéutvikling og produksjonsøkt
(1 t 45 min)
09:35 – 11:20Klasserom R8, foto- og lydstudio, ulike lokasjonar på skulenAlle må lage logo og skrive ut etikett før dei kan gjennomføre fotografering, filming og (eventuell) lydinnspeling. Dei ulike studioa ligg i nærleiken av kvarandre, så det bør gå bra å fordele seg. Er det kø ein stad så kan ein filme på andre lokasjonar eller jobbe vidare med andre delar av produksjonen i nærleiken av studioa.
Redigeringsøkt
(1 t 30 min)
11:50 – 13:20Klasserom R8Økta til å redigere og ferdiggjere film og plakat er romsleg, så det er høve til å ta opp att eller jobbe vidare med (andre) delar av produksjonen i løpet av denne økta.
Avslutting13:30 – 14:00Klasserom R8Me ser på produkta de har laga, informerer litt meir om MK, og svarar på eventuelle spørsmål de måtte ha.

Grupper

GRUPPE 1GRUPPE 2GRUPPE 3
Martin
Balder
Iva
Emilie
Maja
Richie
Jonas
Alexander
MÅNDAG
Isak
Tobias
Bjørnar
Leanna

ONSDAG
Mathilde
Anntonie
Svitlana
Fabricio
MÅNDAG
Sara
Benjamin
Isak
Jakob

ONSDAG
Josefine
Michell
Sofie
Isabella
Bella

MÅNDAG
Goda
Adele Marie
Lukas
Jenny-Christina

ONSDAG
Silas
Sebastian
Konrad
Vira

Me ser på nokre tidlegare reklamefilmar frå MK.

Sørlandschips

Coca-Cola

Solidox

Farris

Tyst / Hell Yeah!

Tenk ut namn til ein fiktiv leskedrikk og planlegg logo, plakat og reklamefilm.

De skal i løpet av dagen:

  • designe etikett i Photoshop
  • lage reklameplakat for produktet
  • ta bilete av/med produktet i fotostudio
  • filme scener til reklamefilmen
  • eventuelt spele inn forteljarstemme eller lydeffekter (foley) i lydstudio
  • leggje på musikk og lydeffekter

Skriv notatar, lag tankekart, skisser og storyboard som grunnlag for produksjonen vidare.

  • Lim utskrift av etiketten de laga på boksa de får tildelt
  • Ta bilete av/med produktet i fotostudio
  • Rediger utvalde bilete og last opp i gruppemappa
  • Film dei ulike scenene de har planlagt, på ulike lokasjonar på skuleområdet
  • Last opp filmfil(er) i gruppemappa
  • Spel inn forteljarstemme og lydeffekter (foley) i lydstudio
  • Last opp lydfil(er) i gruppemappa
  • Bruk materialet du har produsert i løpet av dagen til å redigere saman ferdig reklamefilm og plakat
  • De kan bruke denne mockupen for å plassere etiketten på ei boks digitalt
  • Finn musikk og lydeffekter på Pixabay
  • Last opp ferdig film og plakat i gruppemappa

Ferdige produkt MÅNDAG

Ferdige produkt ONSDAG