Maurtua Escape II

AVLYST!

Me må diverre meddele at me ikkje får starta opp att MAURTUA ESCAPE II. For dei som ikkje visste det (spoiler!) så gjekk årets utgåve altså føre seg på det såkalla «nedre bygget» til Volda vgs (den gamle handelsskulen), ikkje på gamle Maurtua slik som i fjor. No har skulen opna att for elevane, og me må rette oss etter strenge rutiner for å halde skulen smittefri. Dette inneber diverre at me ikkje får opna att før skuleslutt.

Men frykt ikkje – me kjem sterkt attende! Faktisk jobbar me med eit nettbasert Escape Room akkurat no. Om dette vert vellukka så er det godt mogleg at me opnar også det konseptet for publikum. Uansett kjem me attende med nytt Escape Room i 2021! STAY TUNED!
» GÅ TIL: Pressemelding | Handling | Praktisk informasjon | Bestilling | Takk til

Me gjentek suksessen med fjorårets Escape Room og køyrer i år MAURTUA ESCAPE II: Revival.

Her kan du lese meir om MAURTUA ESCAPE I: Betrayal.

* Maurtua Escape er sponsa av Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Pressemelding

Frå 4. – 21. mars kan du oppleve eit nytt Escape Room i Volda. Det er utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule som står bak konseptet.

* Ein gutegjeng i full konsentrasjon under fjorårets utgåve av MAURTUA ESCAPE. Foto: Åge André Breivik.

Me debuterte i fjor med «MAURTUA ESCAPE I: Betrayal». Det viste seg å vere svært populært, og mange har etterspurt om det vert ei ny utgåve.

No tilbyr me altså «MAURTUA ESCAPE II: Revival». Som tittelen tilseier vert konseptet ei vidareføring frå i fjor. Igjen inneber historia Einstein-familien, og handlinga føregår i fleire dimensjonar. Oppgåvene er utfordrande, og består av både analoge «puzzles» og oppgåver som involverer moderne teknologi, som VR og AR.

Namnet er henta frå gamlegymnaset i Volda, populært kalla «Maurtua». Også i år startar historia her, men kven veit kvar og korleis den held fram og endar? Me vil uansett rette ei takk til stiftinga Gamlegymnaset, og Sparebanken1 Søre Sunnmøre som støttar tiltaket.

Både erfaringane frå i fjor, og globale statistikkar om Escape Room-fenomenet, viser at dette er ein aktivitet som fengjer alle aldersgrupper. I fjor var yngstemann sju år og dei eldste var 60+. Om du ikkje veit kva eit Escape Room er så handlar det altså om at ei gruppe folk vert låst inne i eitt (eller fleire) rom, og må finne ein måte å kome seg ut innan ei gitt tidsramme. Dette oppnår ein ved å løyse eit sett med oppgåver gjennom samarbeid, kommunikasjon, kreativ tenking og – om ein står fast – eit hintsystem.

Aktiviteten er perfekt for teambuilding, eller rett og slett rein og skjær moro. Til skilnad frå meir eller mindre asosiale dataspel er dette høgst sosialt – som eit dataspel, berre på ekte.

Kort handlingsreferat frå MAURTUA ESCAPE I: Betrayal

P.S. Du må ikkje ha deltatt på fjorårets Escape Room for å delta på årets utgåve. Men historia byggjer vidare på konseptet frå i fjor, så det er ein fordel om du les dette handlingsreferatet, og gjerne også ser gjennom informasjonen på våre nettsider, inkludert showreel, komplett walkthrough m.m.

I MAURTUA ESCAPE I: Betrayal skulle deltakarane hjelpe ein mystisk Doctor X attende til vår dimensjon. Han hadde nemleg oppdaga ein portal til parallelle univers/andre dimensjonar, men var fanga i éin av desse. For å få til dette måtte deltakarane løyse eit sett med oppgåver, alt saman i eitt lite rom. Men Doctor X kunne sende hint for å løyse oppgåvene gjennom ni ulike variantar av det fysiske rommet deltakarane var i. Desse romma kunne deltakarane sjå gjennom eit VR-headset.

Målet var å få opna ei mystisk kasse som var beskytta med seks hengelåsar, og deretter opne pengeskrinet som låg nede i kassa. Siste oppgåva gjekk ut på at deltakarane måtte ringe eit bestemt mobilnummer. Doctor X hadde nemleg manipulert molekyltettleiken i rommet slik at lydbølgjene frå akkurat dette mobilnummeret, ringt frå nettopp dette rommet, ville opne portalen så doktoren kunne kome seg attende til vår dimensjon.

Undervegs fekk deltakarane møte ein vitskapsmann, gjennom dei ni virtuelle romma i VR-headsettet, som vart meir og meir galen. Det viste seg at dette ikkje var Doctor X, slik deltakarane gjerne trudde, men derimot broren.

Etter å ha kome seg ut av rommet fekk nemleg deltakarane ei siste og overraskande helsing frå Doctor X. Her kunne doktoren fortelje at hans namn var Hans Albert Einstein, og at han var sonen til den kjende vitskapsmannen Albert Einstein. Og den galne vitskapsmannen deltakarane såg i VR-headsettet var broren til Hans Albert, nemleg Eduard Einstein.

Enden på visa var at Doctor X/Hans Albert lurte og utnytta deltakarane. Medan han sjølv kom seg trygt attende til vår dimensjon, med hjelp frå deltakarane, så vart dei sjølve – og stakkars Eduard – fanga i den dimensjonen Hans Albert vart redda frå … Det siste deltakarane såg var skjelettet til Eduard.

Årets konsept

MAURTUA ESCAPE II: Revival byggjer altså vidare på fjorårets konsept. De vil ved oppmøte ved Maurtua (gamlegymnaset i Volda) få utdelt nokre hjelpemiddel og instruksar frå ein av våre representantar. Straks de har løyst den fyrste utfordringa vil klokka byrje å telje ned frå 60 minutt …

Praktisk informasjon

Møt opp utanfor Maurtua (gamlegymnaset i Volda), i uthuset rett ovanfor sjølve Maurtua. Adressa er Engesetvegen 30, 6100 Volda. Sjå kart nedanfor.

* Møt opp her (inn den blå døra) og vent på ein av våre representantar.

OBS! Hugs å møte opp til oppsett tidspunkt. Forseinkingar vil gå ut over neste gruppe.

Ein representant frå oss vil møte dykk og ta i mot betaling via Vipps, og deretter gi dykk nokre gjenstandar og naudsynte instruksar for å kome i gang.

VIKTIG! De treng to mobiltelefonar til å løyse nokre av oppgåvene. Minst éin av dei må ha Snapchat installert, og minst éin av dei må vere ein iPhone SE/6 eller nyare. *

* Om ingen av deltakarane har mobiltelefonar som stettar desse krava så finn me ei løysing på det.

Konseptet vil foregå på engelsk. Der vil vere eit eige hintsystem tilgjengeleg i Escape Room-et. De må sjølve vurdere i kva grad de vil ty til hintsystemet, målt opp i mot kor lang tid de har att på nedteljinga. Hintsystemet vil fungere slik at hinta i utgangspunktet er usynlege (kvit skrift på kvit bakgrunn), og vert fyrst synleg når du markerer teksta. Hinta for kvar oppgåve vil starte subtilt, for så å bli meir og meir avslørande. Til sist vil løysingane bli forklart eksplisitt.

Oppgåvene vil vere organisert i nummererte konvoluttar, og de vil tidleg få tilgang til alle konvoluttane. Det er mogleg å jobbe med fleire oppgåver parallelt, men ikkje alle naudsynte mekanismar vil vere tilgjengeleg før de har løyst tidlegare oppgåver. Det er difor tilrådd at de løyser oppgåvene kronologisk.

Bestilling

Bestill via skjemaet nedanfor. Vel fyrst talet på deltakarar, deretter dato og til slutt ledig tidspunkt. Betaling skjer via Vipps når de møter opp. Ved eventuelle spørsmål, kontakt Håvard Krøvel-Velle på e-post havard.krovel-velle@mrfylke.no.

Security Code:
security code
Please enter the security code:

Send

Takk til

Arnfinn Velle @ RUFO for konstruksjon av UV-box; Ole-Martin Iversen @ OBS Bygg for 2×4; Olav Trandal @ Volda vgs for teknisk assistanse; Linda Stevenson for lån av iPhone.