Hospitering 2022

* Stillbilete frå reklamefilm for Coca-Cola, laga av MK-elevar i 2015.

Velkomen til ein dag saman med MK-familien!

I dag skal de få prøve dykk på heile prosessen frå idé til ferdig(e) medieprodukt. Konkret skal de lage ein kort reklamefilm, inkludert sjølvprodusert logo og plakat. Elevar frå klasse 2MK hjelper dykk!

Grov køyreplan

KVA?NÅR?KVAR?KORLEIS?
Oppstart09:30Klasserom R3Me ser på nokre reklamefilmar som inspirasjon og går gjennom køyreplanen.
Produksjonsøkt09:45 – 11:00Klasserom R3, lydstudio, fotostudio, ulike lokasjonar på skulenAlle må lage logo og skrive ut etikett før dei kan gjennomføre fotografering og filming i studio. Dei ulike studioa ligg i nærleiken av kvarandre, så det bør gå bra å fordele seg. Er det kø ein stad så kan ein filme på andre lokasjonar eller jobbe vidare med andre delar av produksjonen i nærleiken av studioa.
Redigeringsøkt11:30 – 13:00Klasserom R3Økta til å redigere og ferdiggjere film og plakat er romsleg, så det er høve til å ta opp att eller jobbe vidare med (andre) delar av produksjonen i løpet av denne økta.
Avslutting13:15 – 14:00FestsalenMe samlar oss i festsalen på slutten av dagen for meir informasjon om MK, spørsmålsrunde og filmvisning.

Me ser på nokre tidlegare reklamefilmar frå MK og fjorårets hospitering, og går gjennom køyreplanen for dagen.

Sørlandschips

Coca-Cola

Solidox

Farris

Tyst / Hell Yeah!

Reklamefilmar frå hospiteringa i 2021

Tenk ut namn til ein fiktiv leskedrikk og planlegg logo, plakat og reklamefilm.

De skal i løpet av dagen:

  • designe etikett i Photoshop
  • lage reklameplakat for produktet
  • ta bilete med produktet i fotostudio
  • filme scener tl reklamefilmen, minst eitt klipp skal filmast på grønskjerm i fotostudio
  • spele inn forteljarstemme i lydstudio
  • leggje på musikk og lydeffekter

Skriv notatar, lag tankekart, skisser og storyboard som grunnlag for produksjonen vidare. Ta bilete av aktuelt førebuingsmateriell og del dei ved å laste opp på denne digitale oppslagstavla.

  • Lim utskrift av etiketten de laga på boksa de får tildelt
  • Ta bilete med produktet i fotostudio
  • Rediger utvalde bilete og last opp i gruppemappa
  • Film dei ulike scenene de har planlagt, på ulike lokasjonar på skuleområdet
  • Film minst eitt klipp framfor grøneskjermen, finn aktuelle bakgrunnar på Pixabay
  • Last opp filmfil(er) i gruppemappa
  • Spel inn forteljarstemme i lydstudio
  • Last opp lydfil(er) i gruppemappa
  • Bruk materialet du har produsert i løpet av dagen til å redigere saman ferdig reklamefilm og plakat
  • Finn musikk og lydeffekter på Pixabay
  • Last opp ferdig film og plakat i gruppemappa