Om MK

Hausten 2016 vart MK omgjort frå yrkesretta til studieførebuande utdanningsprogram. Volda var først i fylket og blant få på landsbasis som starta opp med dette utdanningsprogrammet, allereie hausten 2000. Med vår lange erfaring vil «nye MK» innehalde det beste frå ordinær studieførebuing og det tradisjonsrike yrkesretta utdanningsprogrammet, i tråd med Ludvigsen-utvalet 1 sine vyar for «framtidas skule».

1 Ludvigsen-utvalget blei nedsett i juni 2013 for å vurdere fag i grunnopplæringa opp mot krav til kompetanse i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv. Professor Sten Ludvigsen har leia arbeidet som blei sluttført sumaren 2015. Les meir om Ludvigsen-utvalet →

Ludvigsen-utvalet sine fire prioriterte kompetanseområde som skal prege alle fag:

  • fagspesifikk kompetanse
  • kompetanse i å lære
  • kompetanse i å kunne utforske og skape
  • kompetanse i å kunne kommunisere, samhandle og delta

Det er mykje praktisk arbeid på MK, og ein sit ikkje berre på klasserommet. Her er MK-elevar på eit filmoppdrag i det som no er Kvivstunnellen i Volda, i samband med ein filmsekvens til 2013-musikalen, Kingdom of Desire. Foto av fotogruppa på musikalprosjektet 2013 (Pål Paulsen, Marius Bøstrand, Bendikte Krøvel).

Med våre praktiske prosjekt og undervisningsmetodar, der ein i tillegg til fagspesifikk kompetanse får utvikle både kreative evner, refleksjonsevne og kommunikasjons- og samhandlingskompetanse, meiner vi at våre elevar vil bli svært godt rusta for den førespegla framtida.

Historie

Teksta nedanfor er henta frå Volda vidaregåande skule si 100 års jubileumsbok, som kom ut i 2010, og er skrive av Inge Kvamme.

 

Våren 1999 gjorde Stortinget vedtak om å opprette to nye studieretningar: Medium og kommunikasjon (MK) og Sal og service (SA), med oppstart hausten 2000. Hausten 1999 vedtok så fylkestinget i Møre og Romsdal at Volda vgs skulle starte opp med MK hausten 2000 og SA hausten 2001.

To grupperingar stod mot kvarandre i diskusjonen kring den nye studieretninga for medium og kommunikasjon. Grafisk Forbund og LO, som ville ha eit reint yrkesfagleg løp med to år i vidaregåande opplæring og to år bedriftsopplæring, medan mediebransjen og medielærarane i vidaregåande skule ville ha eit treårig løp med generell studiekompetanse.

Resultatet vart at ein oppretta to løp, eitt med to år i skule og to år i bedrift, og eitt med tre år i skule og generell studiekompetanse. Begge løpa var definerte som yrkesfaglege med lik fagfordeling 1. og 2. året, medan det siste året på det treårige løpet var ein tilpassa variant av eit påbyggingskurs til generell studiekompetanse. Det skulle etter kvart vise seg at ca 90% av skulane, også Volda vgs, valde treårig løp med studiekompetanse.

Det var nok på grunn av medielinja på Høgskulen i Volda at fylkestinget gjorde det ovannemnde vedtaket, fordi ingen andre skular var nemnde. Faktisk var det berre 14 skular i heile landet som starta opp i 2000, og dei næraste skulane var på Vinstra og i Trondheim (Brundalen vgs).

Landslaget for medieundervisning, LMU, arrangerte ein landskonferanse for medielærarar i Kristiansand i november 1999, der Frøydis Løset og Inge Kvamme deltok. Her vart det vedteke ei fråsegn om den nye studieretninga, med desse hovudpunkta:

  • Læreplangruppa er framleis ikkje i funksjon.
  • Svært mangelfull informasjon om studieretninga.
  • Lærebøker og tilpassa læremateriell kan umogleg vere klare til hausten 2000.
  • Ei velfungerande ny studieretning krev omfattande etter- og vidareutdanning av lærarar.

Det var altså svært mangelfull informasjon frå sentralt hald, og vi måtte, i samarbeid med andre skular som skulle starte opp, sjølve lage informasjon til potensielle søkjarar så godt vi kunne. Ei arbeidsgruppe våren 2000 med Frøydis Løset, Trygve Løvseth og Inge Kvamme frå leiinga arbeidde særleg med informasjon, førebuing av oppstart og samarbeid med avdeling for mediefag på høgskulen. Det mest konkrete som kom ut av møta med høgskulen, var råd om innkjøp av utstyr. I og med at vi var einaste skulen i fylket, fekk vi 1 mill til utstyr, rett frå statskassa.

I juni 2000 var det ein kvalitetskonferanse på Sogn vidaregåande skule i Oslo, der Inge Kvamme deltok. Føremålet med møtet var kvalitetssikring og samkøyring av oppstarten. Dette var eit nyttig møte, med mange gode råd og innspel, viktige diskusjonar om VKI og VKII og opplegg for etterutdanning for alle lærarar i studieretningsfag.

Sjølv med alle dei manglar som er nemnde ovanfor, vart det likevel god søknad og kamp om dei 15 elevplassane i 1MK hausten 2000. Seinare er MK-klassene utvida til 28 elevar, men det er likevel mange fleire primærsøkjarar enn elevplassar.

Medielinja er altså svært populær, og har utvikla seg til å bli markant og synleg både i skulesamfunnet og utanfor, i tillegg til å samarbeide godt med musikklinja. MK lagar kvart år Skuleguiden, eit hefte med informasjon om skulen, bilete av alle elevar og tilsette og alfabetisk elevliste med namn, adresse, klasse, telefon og epost. Til musikklinja sin musikal lagar MK PR-materiell, logo, plakat, programhefte og dokumentasjon (tekst, lyd og bilete, DVD og eiga webside).

Undervisninga legg i stor grad vekt på periodeplanar og tverrfagleg prosjektarbeid som metode. I tillegg til deltaking i musikalen, er MK kvart år med på dokumentarfilmfestivalen og animasjonsfilmfestivalen i Volda.

Noko som er heilt nytt på MK i Kunnskapsløftet, er faget prosjekt til fordjuping. Dette faget skal m.a. gje elevane moglegheit til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innan medieutdanning og få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar i dei ulike medieyrka. Faget har 6 timar i veka første året og 9 timar andre, og på Volda vgs gjer vi det slik at 1.- og 2.-klassingane arbeider saman med å fordjupe seg i eitt av fagområda foto, animasjon, multimedia, vevdesign, radio, lydstudio og avis.

Undervisninga i mediefaga går føre seg på nedre bygget, og medielærarane har arbeidsrom der.

Det er altså musikk og media som deler nedre bygget, og har eit fint fellesskap der. Det er likevel eit problem at denne plasseringa medfører relativt lite kontakt mellom fagmiljøa på dei to bygga. Difor er vona at vi om ikkje så altfor lenge får løyving til å bygge på øvre bygget, slik at vi kan samle alle elevar og lærarar under eitt tak.

Inge Kvamme

Tidlegare avdelingsleiar for MK

Sjå timeplan, konkret fagfordeling og lenkje til læreplanar.
Les meir

Faktaboks

Informasjonen nedanfor er henta frå Fylka si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring (vilbli.no).

Du lærer

  • forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
  • om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å vidareutvikle den digitale kompetansen din
  • teoretiske fag

Du bør ha

  • god skriftleg og munnleg uttrykksevne
  • estetisk sans og godt fargesyn
  • interesse for informasjonsteknologi og digitale medium

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning
  • Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli
  • journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
  • webdesignar, interaksjonsdesignar eller spilldesignar
  • lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
  • kommunikasjonsrådgivar eller mediums- og samfunnskonsulent

Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet.

Arbeidsstader kan vere

  • aviser eller magasin
  • reklamebyrå eller kommunikasjonsbyrå
  • produksjonsselskap eller mediebedrifter
  • offentlege bedrifter

Opptakskrav til høgare utdanning

Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Mange mediefaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med medium og kommunikasjon får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På medium og kommunikasjon kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

Val av fag i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
  • Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan medium og kommunikasjon og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
  • Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.