COLD ESCAPE er eit nettbasert Escape Room på nynorsk som tek utgangspunkt i den kalde krigen.
Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom mediefag og historie på utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule, i samarbeid med digleefy og Ludenso.
Med den kalde krigen som bakteppe (eller jarnteppe?) er det duka for ei spennande historie om spionasje, tillit, svik og intriger. Gjennom fire kapittel følgjer me ulike etterretningsagentar sin høgst alvorlege «gøyme og leite» gjennom Europa, og dei treng di hjelp.
Kan du og dine medsamansvorne redde verda frå full atomkrig?
I både 2019 og 2020 arrangerte me såkalla Escape Room-konsept på Volda vidaregåande skule, til stor glede for publikum. Du kan lese meir om MAURTUA ESCAPE I & II her.
Praktisk informasjon
NÅR?
Under Dei nynorske festspela, 8. – 12. juni.
KVAR?
På Volda vidaregåande skule, nedre bygg (tidlegare handelsskulebygget).
KORLEIS?
Konseptet er i utgangspunktet laga for digital gjennomføring i undervisningssamanheng, men me har funne ei hybrid løysing me kan opne for publikum.
Deltakarane vil bli delt inn i fire lag. Desse vert plassert på kvart sitt fysiske rom og vil fungere som eitt av fire etteretningsbyrå som gjennomfører kvart sitt kapittel i den heilskaplege historia. Desse kapitla vil derimot vere knytta saman, og laga må kvar for seg kommunisere og samarbeide med fienden for å løyse det endelege oppdraget. Eller ein kan velje å spionere på kvarandre …
Logistikken her gjer at deltakarane anten må utgjere éi stor gruppe på 8-16 personar som fordeler seg på kvart rom, eller ein kan melde seg på med ei mindre gruppe (3-5 personar) som då vil måtte spele parallelt med andre mindre grupper som har meldt seg på. Kort forklart: Du spelar med/mot kjentfolk eller med/mot framande. For kvar gjennomføring må me ha minimum to personar pr. rom.
BILLETTAR OG PÅMELDING
Grunna logistikken nemnt ovanfor er ikkje påmeldingsskjema klart enno. Det vert lagt opp til å kunne køyre konseptet to gonger på kveldstid torsdagen og fredagen, og fire gonger på laurdagen og sundagen. Totalt utgjer dette 12 tidspunkt der me altså kan ta inn samla eller spreidde grupper.
Påmeldingsskjema vil kome på denne sida når datoen nærmar seg. Inngangspris vil vere ein symbolsk 50-lapp (betaling med Vipps ved ankomst). Her er det fyrst til mølla som vil gjelde, men fortvil ikkje om du ikkje får plass – me vil i etterkant av festspela gjere konseptet tilgjengeleg for digital gjennomføring.
– Håvard Krøvel-Velle
Faglærar på utdanningsprogram for medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule