Samuraien Nobosuke må redde kjærasten sin som har blitt kidnappa av det onde romvesenet Dr. Hiroshima. Animasjonsfilm laga av Sigurd Vikene.
Skribent: oskar@mk-volda.com
-
Nødsamtale
Ein gut er fanga i et rom i lag med ei tidsinnstilt bombe, og må finne ein måte å kome seg ut derifrå på ved hjelp av ein mobiltelefon han finn på golvet. Dette må han gjere før tida renn ut, og uten å bli ferska av kidnapparen. Kortfilm laga av Sigurd Vikene, Mathias Remmereit, Maren Solem, Tonje Sjølseth og Hallvard Flø Hunnes.
-
Ei Klaustrofobisk Juleforteljing (Director’s Cut)
Klaus Bjørdal er ein mann som har eit yrke litt utanom det vanlege i adventstida. Laga av Sigurd Vikene, Mathea Myrene Stokke, Tor Henrik Melle, Guro Osborg Kvammen, Stephan Ervik og Magnus Hauso.
-
Fugl Føniks
Ei sterk historie om korleis to personar kom tilbake til kvardagen. Dokumentarfilm laga av Guro Osborg Kvammen, Simon Dagfinrud, Nina Langeland og Eirik Sætre Hove.
-
Episke Rappeduellar mellom Kommunar – Ørsta vs Volda
Ein parodi av dei populære «Epic Rap Battles of History» på YouTube. Laga av Magnar Aunmo og Tor Henrik Melle.
-
Paragraf § 100: Fridom til å ytre seg
Kortfilm som tek utgangspunkt i kvardagen til same person som opplev same situasjonar med same menneske rundt seg. Filmen kryssklippar mellom to parallelle handlingar, ei utan ytringsfridom og ei med. Laga av Brynhild Dagslott og Lisa Moe.
-
Den nye kappellanen
Norsk novellefilm laga av Simon Dagfinrud, Ingrid Romestrand, Evy Karoline Vatne, Lisa-Beth Haugen Rise og Tor Henrik Melle.
-
2MK47
Ein animert videovignett for framtidige filmprosjekt gjort av ei gruppe elevar ved 2MK1. Laga av Aleksander Myrene.