MK-Oskar er eit tradisjonelt arrangement som Medium og kommunikasjon har arrangert i cirka tjue år. Denne kvelden får me vist fram breidda i det som er laga det siste året. Informasjon om korleis ein nominerer er posta for elevar på Volda vgs. sin kommunikasjonsplattform, Microsoft Teams.
Dei gjeldande datoane og fristane er:
- NOMINASJON: 1. – 22. mai (deadline kl. 20:00)
- AVSTEMMING: 25. mai – 1. juni (deadline kl. 20:00)
- JURYVURDERING: 3. – 10. juni
- OSKAR-KVELDEN: Onsdag 10. mai kl. 18:00 på Volda filmteater
Kategoriane ein kan nominere i er:
- Animasjon
- Design
- Film
- Foto
- Lyd
- Tekst
- Drit
Årets jury består av tidlegare MK-elevar Martine Stensaa-Blø og Dorthea Sævik, medielærar Torill Elise Kolbeinsen Tafjord, og tidlegare avdelingsleiar for MK, Jan Terje Eidset. Desse vil kåre ein vinnar i kvar av hovudkategoriane (animasjon, design, film, foto, lyd og tekst).
Vår nye avdelingsleiar for MK, Jorid Vårdal, tek over stafettpinnen med å kåre årets dritprodukt, i tillegg vert det kåra ein publikumsvinnar på tvers av alle kategoriar.
Elles vert det både musikk og underhaldning, raud løpar og finstas, boblebrus og god stemning!
Nedst på sida kan du sjå omtale av tidlegare MK-OSKAR-arrangement og via menyen kan du sjå alle nominerte produkt heilt attende til 2014 (nesten 1000 medieprodukt).
Vel møtt 10. juni!
