MK-OSKAR 2019

Glamour og skjemt i festsalen

Tekst: Åge André Breivik

Programleiarane: Kamilla Skaar Berg (t.v.) og Ida Amalea Furseth losa publikum trygt gjennom MK-Oskar 2019. Benedikte Fagerhol Vartdal akkompagnerer på gitar under opningsnummeret. Foto: Dennis Solvåg Løvold.

– Vinnarane er alle her i salen, sa jurymedlem Jiri Nagy då dei tok scena under MK-Oskar 2019. Saman med resten av juryen dryssa han prisar over elevane på Medium og kommunikasjon.

MK-Oskar er den årlege feiringa av det elevane på Medium og kommunikasjon lagar gjennom skuleåret. Som vanleg var det høg pyntefaktor, og god stemning i salen då dei nominerte vart presenterte.

Bandet: Volda-bandet Migraine underheldt undervegs i MK-Oskar 2019. Dei tre i bandet er Håkon Følsvik (t.v.), Erlend Trovåg Bjørneset og Birk Ljoså Sørheim. Foto: Dennis Solvåg Løvold.

– Me er veldig glade for å ha fått sett så mykje bra. Det var ikkje lett å velje, sa Nagy. Saman med Bjørnar Torvholm Sævik og Eirik Rabben Igland var han med på å avgjere kven som tok prisane i år.

Åtte statuettar

Det er tradisjon at tidlegare MK-elevar får kome tilbake som jurymedlem under den årlege prisutdelinga, og denne gongen var både Eirik og Bjørnar representantar frå MK-alumniane. Begge to er framleis i mediebransjen, der Bjørnar er journalist i Vestlandsnytt og Eirik jobbar for mediebyrået Racer.

Prisar i åtte kategoriar vart delte ut denne junikvelden, og juryen kom med ei viktig påminning til elevane i salen.

– Hugs på: Skulen er ein fantastisk stad, der du kan leike og prøve ut det du vil gjere seinare i livet. Du kan prøve ut teknologi, og finne ut kva moglegheiter som finst, sa Jiri.

Bjørnar Torvholm Sævik (t.v.), Jiri Nagy og Eirik Igland Rabben var jury under MK-Oskar 2019. Foto: Tor Haug Svendsen.

Juryen delte ut pris for Årets Animasjon, Årets Design, Årets Film, Årets Foto, Årets Lyd og Årets Tekst. Vinnarane kom alle frå årets VG2-klasse.

– Det er heilt fantastisk! Akkurat bak dette biletet låg det ein lang tur, og å vere på staden i rett tid, seier vinnar av Årets Foto, Halvor Øvereng.

Madeleine Vatne Viddal fekk med seg to prisar frå MK-Oskar, og var godt nøgd.

– Det var veldig kjekt! Eg har ikkje vunne før, og no fekk eg med to prisar, seier ho, med statuetten for «Årets Animasjon» og «Årets Film» i handa.

Drit og publikumsfavorittar

I tillegg vart det for andre år på rad delt ut ein uhøgtidleg pris i kategorien «Årets Drit», der elevane nominerer dei produkta dei ikkje er fornøgde med, eventuelt produkt dei bevisst har laga så dårleg som råd. Det ligg nemleg mykje læring også i «learning by failing», og blant elevane er denne kategorien litt ekstra morosam. Avdelingsleiar Jan Terje Eidset er einerådande jurymedlem i denne kategorien.

– Eg har hatt lange diskusjonar med meg sjølv, og ikkje blitt heilt einig. Men eg kan i alle fall seie at dei fleste bidraga var godt kvalifiserte for kategorien, sa juryformannen og jurymedlemmet lurt då han gjekk på scena.

Prisen gjekk til biletet ROLFXAILI, laga av Andrea Støyle i VG1.

Kvelden vart runda av med den gjeve publikumsprisen, stemt fram av publikum i salen under MK-Oskar. I år vart fyrsteplassen delt mellom ein gjeng VG2-elevar, som saman laga filmen «Vegen til ASMR», og VG1-eleven Benedicte Osnes Hasfjord for filmen «I Need No Man».

– I somme kategoriar vart det venleg men høglytt diskusjon, seier Bjørnar Torvholm Sævik etter at juryen hadde gjort sin jobb.

– Det er mykje høgare nivå no enn då me gjekk her, seier Eirik Igland Rabben.

MK-Oskar blir arrangert av Medium og kommunikasjon kvart år, og er open for alle som vil kome for å sjå. Kvelden er viktig for elevane, som får vise fram produkta sine for eit større publikum, og kanskje strekke seg litt lenger, slik juryen oppmoda om.

– Hugs å følgje draumane dine, sa Jiri, då prisane skulle delast ut.

Favorittrøystinga: I pausen fekk alle i publikum høve til å stemme fram sine favorittar til publikumsprisen. Foto: Dennis Solvåg Løvold.

Vinnarane under MK-Oskar 2019 var:

  • Årets Animasjonsfilm: Peparkake, laga av Sunniva Langdal Hovde, Madeleine Vatne Viddal, Amanda Holstad Ramstad, Hannah Leite Sætre.
  • Årets Design: Plakat Musikalen 2019, laga av Håkon Følsvik og Leander Bjøringsøy Bondhus.
  • Årets Film: Esso, laga av Madeleine Vatne Viddal, Ann-Katrin Molskred Holen, Tor Haug Svendsen og Leander Bjøringsøy Bondhus.
  • Årets Foto: Fjellvind, laga av Halvor Øvereng.
  • Årets Lyd: Engangsgrillproblematikk, laga av Ida Amalea Furseth.
  • Årets Tekst: Musikalfotografen, laga av Ann-Katrin Moldskred Holen.
  • Årets Drit: ROLFXAILI, laga av Andrea Støyle.
  • Årets Publikumspris: Vegen til ASMR, laga av Maren Vassbotn, Ida Oline Skeide, Rebekka Madsen, Tor Haug Svendsen og Noa Sebastian Skaar Gjerseth + I Need No Man, laga av Benedicte Osnes Hasfjord.