MK-OSKAR 2024

Avstemminga er stengt, sjå finalistane her!

Kollasj av bilete frå MK-OSKAR 2023. FOTO: Amanda Langlo Moe og Maciej Jaskiewicz.

Årets MK-OSKAR går av stabelen torsdag 6. juni. Me håper alle set av datoen og blir med på feiringa av årets medieproduksjonar!

MK-Oskar er eit tradisjonelt arrangement som Medium og kommunikasjon har arrangert i over ti år. Denne kvelden får me vist fram breidda i det som er laga det siste året. Informasjon om korleis de nominerer er posta på Teams.

Dei gjeldande datoane og fristane er:

  • NOMINASJON: 23. april – 19. mai
  • AVSTEMMING: 22. mai – 28. mai
  • JURYVURDERING: 29. mai – 5. juni
  • OSKAR-KVELDEN: 6. juni kl. 18:00 *

* I festsalen på Volda vgs, Vevendelvegen 35

Kategoriane ein kan nominere i er:

  • Animasjon
  • Design
  • Film
  • Foto
  • Lyd
  • Tekst
  • Opa klasse
  • Drit

Årets jury består av tidlegare MK-elevar Emil Olai Tødenes, Isak André Rønningsæther-Aarseth og Amanda Langlo Moe. Desse vil kåre ein vinnar i kvar av hovudkategoriane (animasjon, design, film, foto, lyd og tekst). Avdelingsleiar for MK, Jan Terje Eidset, vil kåre årets dritprodukt, medan MK-lærarane kårar vinnaren av opa klasse. I tillegg vert det kåra ein publikumsvinnar på tvers av alle kategoriar.

Tradisjonen tru vert det elles både musikk og underhaldning, raud løpar og finstas, boblebrus og god stemning.

På denne sida kan du sjå omtale av tidlegare MK-OSKAR-arrangement + alle nominerte produkt heilt attende til 2014 (over 800 medieprodukt).

Vel møtt 6. juni!