MK-OSKAR 2018

Prisdryss over MK-familien

Vinnarane av MK-OSKAR 2018 (ikkje til stades: Tomas Sævik)

Ein skinande MK-Oskar-statuett på lerretet, og ein på ei opplyst kake. Det stod ikkje på dekoren då MK-lina samla seg til festkveld i slutten av mai.

Tekst: Brian Dale & Åge André Breivik. Foto: Åge André Breivik. Film: Åge André Breivik.

NB! Sjå biletgalleri og video nedst i artikkelen.

Måndag 28. mai var det klart for den årlege utdelinga av MK-Oskar på Volda vidaregåande skule. Elevar, lærarar og tidlegare elevar – og fleire andre – var samla i festsalen på vidaregåande klare for ein kveld full av latter, medieproduksjon og prisutdeling.

Høgskulestudent og trubadur Bergheim fekk æra av å opne prisutdelinga dette året. Deretter var det andreklassingane Truls H. Sætre og Daniel Aanonsen som sydde kvelden saman som årets programleiarduo.

Sju kategoriar vart premierte denne kvelden, og vinnarane kan du sjå nedst i artikkelen.

– Mitt første MK-Oskar-arrangement var kjekt, seier vg1-elev Håkon Følsvik.

– Det var meir seriøst enn eg hadde trudd, men også veldig mykje humor, og veldig kjekt å samlast heile MK-gjengen, meiner han.

Sjølv håper han å vere nominert når MK-Oskar 2019 går av stabelen, i ein nykomar av ein kategori.

– Jaa, eg føler at «drit»-kategorien kan vere kjekt å være med i, og føler det er mykje eg kan bidra med der. Så håper eg får nokre produkt der, og kanskje innan filmkategorien, det passar meg godt, og er noko eg trivast med, seier Håkon med ein god latter.

Kategorien var med for fyrste gong i denne utgåva av MK-Oskar, og var open for at elevane fekk nominere det dei ville av produkt, då helst av typen dei ikkje var nøgde med.

– Vinnaren av “årets verste produkt” i kategorien Drit, er eit gjennomført elendeg meisterverk, sa juryen, i form av avdelingsleiar Jan Terje Eidset.

Med si musikkvideotolking av Coldplay sin “Fix You” vart det Ørjan Kvamme Aaland som stakk av med den prisen.

MK-Oskar er Volda vidaregåande si eiga prisutdeling, der MK-elevane melder på sine eigne produkt og er med på feiringa av det gode arbeidet som er lagt ned i løpet av siste skuleår.

Er du interessert i å vere med på ei framtidig utdeling? Følg “Medium og kommunikasjon Volda vgs” på Facebook, og få informasjon når utdelinga nærmar seg.

Vinnarane av prisar under MK-Oskar 2018 ser du her:

  • Animasjon: “Med tid”, av Emil Olai Tødenes
  • Design: “Death Trip”, av Tomas Sævik
  • Film: “På innsida av prestasjonane”, av Thea Berge Baastad og Anna Lee Grimstad
  • Foto: “Ikkje all vold er fysisk”, av Natalie Johannsen Øvrelid
  • Lyd: “Påskekrim”, av Sebastian Larsen og Lisa Bendal
  • Tekst: “Targeted”, av Line Bendiksen Strand
  • Publikumsprisen: “Bob’s Adventure”, av Sebastian Larsen og Lars Hoggen Kippersund
  • Drit: “Fix You” av Ørjan Kvamme Aaland

Biletgalleri

Musikkinnslag

Høgskule-student, Vidar Bergheim Hoel, skjemde oss vekk med god musikk både i festsalen og under pausen i vestibylen. Nedanfor kan du sjå og høyre to av musikkinnslaga.