MK-OSKAR 2017

Tekst: Marie Haugen. Foto: Malin Nordby Kvamme, Åge André Breivik, Jorid Vårdal. Film: Lisa Bendal, Ruben Madsen

Onsdag 18. mai var det duka for den sjuande MK-OSKAR ved Volda vidaregåande skule. Dette er medielinja sin eigen variant av The Academy Awards, populært kalla The Oscars. MK-OSKAR er ein årleg tradisjon for noverande og tidligare elevar på medielinja der ein kårar dei beste produkta som har vorte laga i løpet av skuleåret.

Sjå stemningsrapport frå MK-OSKAR 2017:

I år var der heile 100 produkt nominert, der 44 kom til finalen, i åtte ulike kategoriar: animasjon, design, dokumentar, fiksjonsfilm, naturfoto, portrettfoto, lyd og tekst. Utanom dei åtte store kategoriane blei det også delt ut publikumspris, og nykomar i år: beste utanlandske film. Her konkurrerte filmane medieelevane lagde saman med språkelevane i fjor.

Årets jury bestod av Ma Ortiz, Carl Nesset og tidlegare MK-elev Andrea Osvoll. Desse tre hadde det vanskelege valet med å finne 8 vinnarar. Der var mange gode produkt, og alle var nominert for ein god grunn, presiserte Carl Nesset før utdelinga.

Årets jury: Andrea Osvoll, Carl Nesset, Ma Ortiz. Foto: Malin Nordby Kvamme.

Mange tok turen for å oppleve det ein kan kalle medielinja sitt høgdepunkt i løpet av skuleåret, og Volda vgs var pynta til storfest. Med raud løpar og stetteglas var der stor stemning. Isak Johan Håker Lien og Emil Olai Tødenes hadde tatt på seg den krevjande jobben som programleiarar og loste oss gjennom kvelden med latter og kos.

Årets programleiarar, Emil Olai Tødenes og Isak Johan Håker Lien. Foto: Malin Nordby Kvamme.

Av underhaldning blei ikkje noko halde igjen. Her fekk vi sjå SKAM-parodi frå 2MK, lærarinnslag med eit spennande mordmysterium, parodi av MK-lærarane, “JibJab” og mediequiz, og ikkje minst – musikk frå den lokale “sofamusikaren”, Vidar Johan Vartdal.

Sofamusikar Vidar Johan Vartdal skapte fin stemning med bla.a. The Times They Are A-Changin» av Bob Dylan. Foto: Åge André Breivik.

Det var ein svært kjekk og spennande kveld, og vi gler oss til neste års MK-OSKAR!

Tredjeklassingane er med som elevar for siste gong, men kjem gjerne attende som gjestar i framtida. Foto: Jorid Vårdal.

Finalistar og vinnarar 2017

Publikumsprisen gjekk til Josefine Karen Fredriksen for biletet «Tankene». Prisen for beste utanlandske film gjekk til «Corre, Liv-Margrethe, Corre» av og med Astrid Elise Barmen, Marlinn Myrvold, Liv-Margrethe Muren Ulvund, Mathias Myklebust, Kristoffer Myklebust Egset, Karen Johanne Hovde Vollsund, Ruben
Ulfstein, Cathrine Breiteig og Sondre Riise Åm.

Animasjon (3)

Dokumentar (3)

Fiksjonsfilm (3)

Naturfoto (10)

Portrettfoto (10)

Design (8)

Lyd (4)

Tekst (6)