Digital gatekunst

Siste veka før julaftan 2017 hadde 2MK1 «digital gatekunstutstilling» i gågata i Ørsta. Gatekunst, eller street art som det heiter på engelsk, er dekorerte veggar i offentlegheita. Gatekunstnarar har tradisjonelt ofte jobba ulovleg og anonymt, men me har altså innhenta løyve frå både politi, kommune og huseigar.

 

 

Vår digitale gatekunstutstilling skjedde ved projisering av ein biletserie på fasaden til Ørsta Torg, med projektoren plassert i Fru Svendsen-garden rett over gata. Oppgåva til elevane var å ta utgangspunkt i eller hente inspirasjon frå bestemte stilartar og epokar, for så å lage grafiske produksjonar eller fotografi med eit juletema. I street art sin natur ligg det ofte skråblikk og samfunnskommentarar om korleis me lever liva våre, så somme motiv har ein «mild provokasjon» med meir eller mindre skarpe bodskapar. Andre motiv har rett og slett som mål å berre skape god julestemning.

 

 

Nedanfor kan du sjå eit galleri med alle bileta i utstillinga (med tittel i biletteksta), og alle bileta sett saman til ein biletserie nedst.

P.S. Alle bilete har nytta rettigheitsklarert materiale, hovudsakleg frå graphicstock.com (del av storyblocks.com), pixabay.com og commons.wikimedia.org.

Bidragsytarar: Brian Dale, Maria Standal Digernes, Alvin Hammer, Carina Sørheim Holen, Kristoffer L. Lilleøy, Camilla Opshaug Lund, Jens Myklebust, Nathanael Nordahn, Pia Rogne Notøy, Lars Andre Kalvatsvik Olsen, Elisabeth Steinnes, Truls H. Sætre, Tomas Sævik, Oda Warholm, Daniel P. Aanonsen, Håvard Krøvel-Velle, Åge André Breivik.