Bidrag til «Øyralangs»

[et_pb_section fb_built=»1″ _builder_version=»3.0.47″][et_pb_row _builder_version=»3.0.48″ background_size=»initial» background_position=»top_left» background_repeat=»repeat»][et_pb_column type=»4_4″ _builder_version=»3.0.47″][et_pb_text _builder_version=»3.0.74″ background_size=»initial» background_position=»top_left» background_repeat=»repeat»]

MK debuterte i 2019 som bidragsytarar til det populære Volda-arrangementet, Øyralangs.

Øyralangs er ei kulturell lysvandring på stien mellom Årneset og Volda sentrum. Langs stien vil du kunne oppleve musikk, dans, drama, kunst – og ulike installasjonar og stemningsfull lyssetjing er ein viktig del av vandringa.

Frå nettsidene til arrangementet på Facebook (fritt omsett).

MK sine bidrag bestod av to stasjonar: Kreative portrett av kjende voldingar projisert på kvite kasser ved brua på slutten av stien, og ein interaktiv installasjon der ein kunne styre ein animert einhjørning og spele på eit tre … Dei interaktive aktivitetane var svært populære, både blant born og vaksne, og den «digitale kunstutstillinga» på slutten av stien utgjorde eit fint punktum på vandringa.

Portretta var laga i valfaget Grafisk design på vg2, medan dei interaktive installasjonane var laga i samband med valfaget Medieutvikling på vg3. Nedanfor kan du sjå eit lite biletgalleri av våre bidrag.

[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row _builder_version=»3.19.18″][et_pb_column type=»4_4″ _builder_version=»3.19.18″][et_pb_gallery gallery_ids=»1202,1195,1200,1201,1196,1194,1197,1198,1199,1232,1231,1230,1229,1228,1227,1226,1225,1224,1223,1222,1221,1220,1219,1218,1217,1216″ posts_number=»26″ show_pagination=»off» _builder_version=»3.19.18″][/et_pb_gallery][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row _builder_version=»3.19.18″][et_pb_column type=»4_4″ _builder_version=»3.19.18″][et_pb_text _builder_version=»3.19.18″]

Portretta er laga i høvesvis Adobe Photoshop og Adobe Illustrator. Einhjørningen vart projisert på eit såkalla bobbinett og vart styrt av eit webkamera og eit MIDI-keyboard gjennom Adobe Character Animator. I tillegg kunne ein spele av ulike lydar ved å slå med trepinnar på ein trestamme. Dette vart gjort ved hjelp av ein Mogees Pro-vibrasjonssensor.

[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]