I lydstudio fekk hospitantane prøve seg både på høyrespel og podkast. Foto: Ståle Hansen, Volda vidaregåande skule.
Podkast, høyrespel, escape room, studioportrett og fjernsynssending. Ungdomsskuleelevane som hospiterte hjå Medium og kommunikasjon fekk prøve litt av kvart sist veke.
Tekst: Åge André Breivik, lærar Medium og kommunikasjon, Volda vidaregåande skule
Hospitering er ein av dei faste postane som elevane i ungdomsskulen på søre Sunnmøre skal gjennom før dei vel kva linje dei vil gå på vidaregåande skule. Etter vel to år med faget «Utdanningsval», Open dag i niande klasse og Karrieredagar på Høgskulen i Volda, får elevane velje to linjer dei vil hospitere på.
Portrettfoto i studio
– Bruk dagen til å spørje og finne ut det de lurer på, sa rådgjevar Kristian Ingebrigtsen då han tok i mot elevane. Deretter vart dei fordelte på linjene dei hadde valt.
Vel 60 elevar frå alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre var innom Medium og kommunikasjon. Linja er ei av regionslinjene der Volda vidaregåande er einaste tilbydar på søre Sunnmøre.
– Er det nokon som vil bli teke bilete av?
I kjellaren på Volda vidaregåande ligg fotostudioet til MK. Her er det rom for å leike seg både framfor og bak kamera. Gjennom prøving og feiling kan ein justere lys for å teste ut forskjellige stemningar. Lyset er viktig for å formidle den bodskapen du vil ha ut.
- LES SAK FRÅ MUSIKALEN 2019: Musikalfotografen
På eit naborom sit det ein gjeng i eit rom heilt utan ekko. Lydstudioet er isolert for å skape heilt rein lyd på opptaka som blir gjort.
Høyrespel og podkast
– Hugs å vente på lydane som kjem før du skal lese inn replikken.
Hospitantane spelar inn høyrespel live i studio denne dagen. Eit lydspor med musikk, lydeffekter og miljølydar blir spelt av, medan dei forskjellige rollene ventar på sin tur.
– Kven er det som trippar på mi bru?
Det er ein ny versjon av Bukkene Bruse som blir spelt inn. Alle gruppene får prøve seg, kvar med si rolle. Nokre får vere minstebukken, medan andre får prøve seg som forteljarstemme.
Til slutt fekk alle vere med på ei podkastinnspeling, der dei fekk vere gjestar i testepisodar av 2MK sin dilemma-podkast.
Manus og improvisasjon
– Hei, og hjarteleg velkomen til MK-TV!
På klasserommet til 2MK får hospitantane prøve seg i eit provisorisk fjernsynsstudio. Sendinga blir direktemiksa, og spelt inn med både programleiar og vérmeldar.
MK i Volda har laga fleirkameraproduksjon av Musikalen i fleire år, for at musikkelevane også skal få sjå den store produksjonen dei er med på. I tillegg blir det brukt i ein del mindre produksjonar spreidd ut over dei tre åra.
Når hospitantane har fått prøve gjennom fjernsynssendinga nokre gongar, og kjenner seg trygge både på kamera, miksing og programleiing er det rom for improvisasjon.
– Kvar er du frå, spør ein av hospitantane, som har teke på seg rolla som programleiar.
I programmet der han skal bli kjent med to av sine medhospitantar er vérmeldingshjørnet gjort om til intervjusone.
Gåteløysing på kort tid
Den eine viser seg å ha det kjekkast i fjernsynsstudio, medan ein annan hospitant hadde mest glede av å prøve seg på escape room.
Det finn ein om ein tek seg til MK sitt animasjonsstudio. Rommet er låst av, og gåtene klare. Her er målet å kome seg ut før tida går ut.
I januar 2019 kom det fyrste offisielle escape rommet i Volda i stand. Elevar med valfaget Medieutvikling laga oppgåvene, og då det heile fungerte godt, opna dei det like godt slik at folk utanfor skulen også fekk prøve.
No fekk hospitantane prøve seg på ein miniversjon med nye oppgåver. Etter nyttår kan det hende fleire får prøve seg på liknande utfordringar.
Felles avslutting
Hospiteringa på MK avslutta slik det har vorte tradisjon. Hospitantane fekk stille sine spørsmål som dei sat att med. I tillegg fekk dei sjå og høyre nokre av produkta som vart laga i løpet av dagen. Og sjølvsagt var det også rom for tidlegare MK-produkt, laga av elevar som har gått Medium og kommunikasjon tidlegare.
- Du kan sjå produkt laga på MK tidlegare ved å besøke MK-Oskar si nettside. Der kan du sjå nominerte og vinnarar frå dei siste åra.
MK er ein av dei kreative vegane til studiekompetanse, og med seg på vegen ut fekk elevane ein «håper me sjåast til hausten».