Bygdlesfeber

15. november 2019 var det premiere på Bygdlesfeber – ei lokal framstilling av The Beatles, Elton John, The Eagles med fleire, i form av ein musikal på Folkestad.

Medielinja ved Volda vgs var tungt inne med bidrag til den visuelle delen: Elevar med valfag Grafisk design på vg2 laga digitale kulisser, medan elevar med Mediespesialisering innan grafisk design på vg3 laga plakat, programhefte, platecover for fiktive artistar med meir. I tillegg stilte me to elevar som assisterte under ein fleirkameraproduksjon.

* Pressemelding i Møre 9. november 2019.

Dette var særs nyttig øving til arbeidet som ventar elevane under det store musikalprosjektet etter jul. Medielinja (MK), som i grafisk design også har elevar frå Kunst, design og arkitektur (KDA) og Studiespesialisering (ST), hausta mange lovord for sine bidrag til storhendinga. I Møre si omtale av showet kunne me lese at «Store kulisser og avansert videoprojeksjon var levert av elevar ved Grafisk design og mediespesialisering ved Volda vidaregåande skule».

* Avisomtale i Møre tysdag 19. november 2019.

Digitale kulisser

Nedanfor kan du sjå både film (videokollasj) og biletgalleri av dei digitale kulissene, laga av elevar med Grafisk design på vg2, og nedom der igjen eit biletgalleri med dei andre grafiske bidraga våre.

* Videokollasj av dei digitale kulissene.


Plakat, platecover og rekvisittar

I tillegg til plakat, programhefte og profil- og framsidebilete for Facebook, laga elevane med Mediespesialisering på vg3 platecover til fiktive artistar som figurerer i musikalen. Desse vart stilt ut i glasmonter i foajéen, etter sigande «utlånt frå Sindre sitt Bygdles-museum i Krumsvika». Me laga også reklameplakat og brusetikett for Jonny Brænne-brus, og gjenskapte til og med ein bussbillett til Nordfjordeid frå 1973.