Høyr juleradioen frå MK-Volda!

«Det var i dei dagar.» Slik startar visst det meste i desse juletider. Også Juleradioen til MK-linja i Volda. Høyr sendingane frå Medieevangeliet her!

TEKST: Åge André Breivik, fagkoordinator for Medium og kommunikasjon

Juleradiosendingane er eit samarbeid mellom MK-elevane på VG1 og VG3. 1MK har hatt ansvar for alt som er gjort i studio, medan VG3 har laga innslag og jinglar.

  • HER FINN DE EPISODANE: #1 // #2 // #3 // #4

Det er også 3MK som har hatt idékonkurranse for å kome fram til namnet på sendingane i juleradioen. Vinnaren av røystinga vart Medieevangeliet, og det er dermed namnet på sendingane du får høyre.

Det kjem i alt fire sendingar frå juleradioen i år. Du finn alle sendingane hjå Soundcloud-brukaren til MK-Volda.

MK-linja på Volda vidaregåande skule har lydstudio som kan nyttast til lydproduksjonar av alle typar. Under hospiteringa i november fekk tiandeklassingar som var på besøk frå ungdomsskulane i distriktet prøve seg på både podkast og høyrespel.

LES MEIR OM HOSPITERINGA: Eit innblikk i medieverda

Ungdomsskuleelevane som besøkte MK Volda under hospiteringa fekk prøve seg i lydstudio. Foto: Ståle Hansen, Volda vidaregåande skule.

Magien med lydstudio

I tillegg til desse sjangrane kan lydstudio brukast til å lydlegge animasjonsfilm, lese inn forteljarstemmer, eller spele inn musikk.

I lydstudioet til Medium og kommunikasjon kan du ta opp heilt rein lyd. Denne kan du nytte til å flytte deg rundt i verda. Foto: Åge André Breivik, Volda vidaregåande skule.

Med eit lydstudio som er godt isolert, får elevane høve til å ta opp lyd utan noko støy rundt seg. Dermed kan dei «flytte seg» til kvar som helst i verda ved hjelp av lydane som blir lagt på stemma.

Ved å bruke effekter på stemma kan du få det til å høyres ut som om du snakkar i telefonen eller at du står i ei stor fjellhole. Ved hjelp av lydar ved sidan av stemma di kan du flytte deg frå ein skog full av fuglekvitter til Times Square i New York.

Alt ved hjelp av bruken av lyd.

Juleradio 2019

I juleradioen får du høyre elevane sitt arbeid, der dei snakkar om emne knytt til jula. Kvar har sine vanar og sine tradisjonar, og nokre av desse får du høyre om.

Fyrste episode finn du under her, eller på vår Soundcloud-side. Dei neste dagane kjem også dei tre påfølgjande sendingane. Følg med.

Her er fyrste episode:

Episode #1 av Medieevangeliet. Juleradioen frå MK Volda 2019.
Episode #2 av Medieevangeliet. Juleradioen frå MK Volda 2019.

Du kan også følgje MK Volda på Facebook og på Instagram. Kjenner du ein ungdomsskuleelev som vil ha ein kreativ veg til studiekompetanse er det berre å tipse hen om oss.