Det blir ein annleis 17. mai for mange, men MK-familien i Volda gratulerer alle med dagen! Sjå helsingane nedanfor.
I galleriet nedst kan du sjå bileta som elevar i 1MK og 3MK laga før helga. I tillegg kan du sjå video som ein gjeng jenter i 3MK laga frå sitt perspektiv som Russ 2020.
Videoen er laga av desse åtte 3MK-elevane. Frå øvst til høgre: Amanda Ramstad, Madeleine Vatne Viddal, Natalie Øvrelid, Anna-Emilie Hovdenakk Eriksen, Sunniva Langdal Hovde, Kamilla Skaar Berg, Ida Amalea Furseth og Mari Holstad Hauge.