Musikkvideoar for Side Brok

Våren 2019 gjennomførte me eit særs kreativt og spennande prosjekt i faget Grafisk design, nemleg å lage to musikkvideoar til dei lokale hip hop-heltane i Side Brok.

I faget sin natur var det viktig at me fekk gjort noko grafisk. Difor ba me om å få to timar med kvar av frontfigurane i TV-studio på høgskulen i Volda. Her 3D-skanna me karakterane SjefR, Skatebård og Sirkel Sag, og filma og fotograferte dei på green screen. Dette gav oss eit sett med grafisk materiale me kunne skape noko kreativt med vidare.

Nedanfor kan du sjå bilete og video frå Behind the Scenes, lese om framgongsmåtane for å lage videoane, og sjølvsagt sjølve resultata.

Behind the Scenes

* Sirkel Sag vert skanna i 3D
* Både elevar, lærar og hovudperson ser på resultatet på data
* Piksilasjon av Sirkel Sag
* GIF-animasjon av Skatebård (vart ikkje brukt)
* Animert og leppesynkronisert dukke av SjefR
* Animering av Skatebård i Adobe Mixamo
* 3D-scan av Sirkel Sag
* Eksporterte stillbilete av SjefR-animasjon
* Filmopptak av Bård Aasen Lødemel, på kafé i Bergen, som seinare skal bli laga Cinemagraph av

Snap Lens

Me brukte dei 3D-skanna karakterane også til å lage kameraeffekter for Snapchat, såkalla Snap Lenses. Med desse kan du få Sirkel Sag, SjefR eller Skatebård til å danse i handflata di (gjennom mobilen).

Framgongsmåte

3D-animasjon

Me nytta Occipital Structure Sensor + Skanect 3D for å skanne personane. 3D-fila tok me så inn i Adobe Mixamo for å velje aktuell animasjon, som me vidare eksporterte som FBX-fil. Denne måtte me så ta inn i 3D Studio Max, setje opp kamera (i riktig vinkel og perspektiv i høve den aktuelle scena) og eksportere som stillbilete. Til slutt importerte me desse stillbileta som ein sekvens i Adobe After Effects, der me komponerte 3D-animasjonen inn i ein Cinemagraph.

Piksilasjon

Me tok fyrst stillbilete av karakterane med alle aktuelle «munnrørsler» (såkalla Mouth Comps). Så laga me ei «dukke» i Adobe Photoshop der kvar munnrørsle låg på eige lag. Deretter var det berre å opne dukka i Adobe Character Animator og synkronisere munnrørslene til teksta.

Cinemagraphs

Forkorting for Cinemagraphic, som er ein kombinasjon av levande bilete (cinema) og stillbilete (graphic). Eller sagt på ein annan måte: stillbilete med nokre levande element. Her nytta me ein plugin for Adobe Photoshop som enkelt let deg markere kva delar av ein film som skal vere i rørsle, medan resten vert fryst. Kunsten er å filme ein sekvens du veit vert enkelt å lage ein «loop» av, at du filmar med stativ, og at motivet inneheld både noko som skal vere i rørsle, men også noko som normalt ville vore i rørsle. Sidan teksta til «Svært» ikkje var laga enno då me laga desse videoane, så stod me heilt fritt. Resultatet vart dimed særs absurde scener, som ikkje har noko som helst med tekstinnhaldet å gjere.

Ferdige produkt

(Denne videoen («Svært») er diverre tatt ned frå YouTube grunna ein tvist om opphavsretten til eit beat)

* Frå dobbelsingelen «Svært kvar dag» som er ute overalt. Beat av Sjef R og Svein Erik Åmås, basert på ein instrumental av DJ PY. Miksa av Svein Erik Åmås. Videoen er laga i faget Grafisk design på utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. ELEVAR: Leander Bjøringsøy Bondhus, Anker Alexander Bugge, Håkon Følsvik, Daniel Pilskog Homberset, Jasper Grenager Longva, Dennis Solvåg Løvold, Øystein Nyhammer, Amanda Holstad Ramstad, Ida Kathrine Scheel og Madeleine Vatne Viddal. LÆRAR: Håvard Krøvel-Velle. PROGRAM: Adobe Photoshop, Adobe Premiere, Adobe After Effects, Adobe Mixamo, Skanect, 3D Studio Max, The Photoshop Cinemagraph Kit.

* Beat: Emile The Duke. Scratch: DJ Konkret. Miks: Skatebård. Frå dobbelsingelen «Svært kvar dag» som er ute overalt. Videoen er laga i faget Grafisk design på utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. ELEVAR: Leander Bjøringsøy Bondhus, Anker Alexander Bugge, Håkon Følsvik, Daniel Pilskog Homberset, Jasper Grenager Longva, Dennis Solvåg Løvold, Øystein Nyhammer, Amanda Holstad Ramstad, Ida Kathrine Scheel og Madeleine Vatne Viddal. LÆRAR: Håvard Krøvel-Velle. PROGRAM: Adobe Photoshop, Adobe Premiere, Adobe After Effects, Adobe Character Animator.