MK-elevar rekruttert til spennande firma

Då koronaen inntraff i mars 2020 var MK godt i gang med å gjennomføre Maurtua Escape II, årets fysiske Escape Room utvikla i faget Medieutvikling.

Så vart elevane sendt heim, skulen vart stengt ned og Maurtua Escape II måtte naturleg nok leggjast død.

Dermed starta prosessen med å prøve å lage eit nettbasert Escape Room, gjennomførbart gjennom heimeskule. I den samanheng kom faglærar Håvard Krøvel-Velle over eit firma som kalla seg Escape History KUBEN, no digLEE. Desse hadde same problemstillinga: Etter å ha bygd opp ei rekkje fysiske Escape Room rundt omkring i landet måtte dei også stengje ned, og fokuset vart retta mot digitale løysingar. Dette skulle vise seg å bli ei suksesshistorie.

«Fintet frem ny forretning«

Finansavisen (plussak) hadde ei sak om Escape Room-gründer, Jens Petter Skaug, 25. april 2020.

MK innleidde samtalar og samarbeid med desse, og sidan den gong har heile sju MK-elevar blitt rekruttert til firmaet. Nokre som deltidstilsette ved sidan av skule og studium, andre er allereie fast tilsett.

Arbeidet er variert, og digLEE set stor pris på den breie kompetansen MK-elevane kjem med. Elevane får m.a. jobbe med: grafisk design og illustrasjonar; foto, film og animasjon; marknadsføring og kundekontakt; programmering, historieforteljing og bodskapformidling. Og sjølvsagt utvikling av puzzles og oppgåver. Dette krev kreativitet og evne til problemløysing, samarbeid og kommunikasjon – alt saman ein del av kjernen på MK.

* Alle portrett: MK Volda vgs (frå den sjølvproduserte skuleguiden)

Både MK-elevane og medielina får særs gode skussmål frå dagleg leiar, Jens Petter Skaug, og han ynskjer seg stadig fleire rekruttar frå «MK-fabrikken» ved Volda vgs.

«Du skaper et mindset hos dine elever som er helt unikt for det vi satser på. Tusen takk for at det finnes sånne lærere som deg og brenner for å eksponere elevene for nye måter å tenke faglig utbytte på!«

– Jens Petter Skaug

(kommentar til Facebook-innlegg av faglærar Håvard Krøvel-Velle)

«Ida er ansatt hos DigLEE som spillutvikler og Head of PR and Communications. Hun sitter med mye kreativitet som kan sees igjen i både spillene og kommunikasjonen. Ida mener spillbasert læring aldri har vært viktigere enn nå, og er stolt over å være med på å endre måten undervisning er lagt opp. Hun mener en god historie vil føre til indre motivasjon, aktiv læring og mestring hos deltageren. Ida brenner for nyskaping og innovasjon, og er stolt av å være med på laget til DigLEE!»

(Facebook-innlegg frå digLEE)

«Dennis er leder for Time Raze konseptet vårt. I tillegg spesialiserer han seg på frontend og bruker kompetansen sin for å forbedre nettsiden. Han jobber også med å skrive spennende historier og lager engasjerende oppgaver til de forskjellige spillene. digLEE er ekstremt glad for å ha en så dyktig fyr som Dennis med på laget! Dennis ser på stillingen sin hos digLEE som en gyllen mulighet til å virkelig få brukt kreativiteten sin til noe som er nyttig for andre!»

(Facebook-innlegg frå digLEE)

Me ser fram til vidare samarbeid og rekruttering til digLEE i åra som kjem!