Promovideoar for Epic Wreck

24. mars 2021 fekk med overrekt eit kult oppdrag i Grafisk design: Å lage promovideoar for studentbedrifta Epic Wreck.

To tidlegare MK-elevar gav oss oppdraget: Josefine Karen Blixencrone og Victoria Helde. Fyrstnemnde har starta studentbedrift, og sistnemnde har vore på praksis i bedrifta. Begge gjekk same kull på MK-linja, uteksaminert i 2018.

* Victoria Helde og Josefine Karen Blixencrone presenterer studentbedrifta si og konseptet bak Epic Wreck. Foto: Håvard Krøvel-Velle

Konseptet går kort forklart ut på at ein kan bestille ein pakke med knuselege gjenstandar, til dømes tallerkenar. Så kan du skrive med tusj på ein tallerken – noko du er frustrert over – for så å knuse tallerkenen, og på den måten få utløp for frustrasjonen. Les meir om konseptet på epicwreck.no.

Nedanfor kan du sjå sluttresultata og ein videokollasj av «pizza og tallerkenknusing». Som godtgjersle for å ha tatt på oss oppdraget fekk me nemleg påspandert pizza + tre Epic Wreck-øskjer med knuselege tallerkenar (lærar Håvard Krøvel-Velle lagde også ein absurd video der han knuser ein tallerken). Elevproduksjonane er laga av Eira Almestad, Anette Moe Bjørkedal, Jasmine Egset, Dagfinn Robert Hovdenakk, Anna-Sofie Kvalsund Schanche, Elise Remøy Thrane, Marielle Liadal Ortiz og Mark Villem Raidma.