AR Bonanza

Fredag 17. september var det fagdag i Medieutvikling på vg3. Den vart nytta til å lage AR-opplevingar ved hjelp av tre ulike program.

AR står for Augmented Reality, som på godt norsk betyr «utvida røynd». Det vil seie at ein miksar den verkelege og digitale verda – ein legg eit digitalt «lag» oppå omgjevnadane.

For å oppnå dette utforska me følgjande program: Adobe Aero, Spark AR og Live Home 3D. Nedanfor kan du sjå ein videokollasj av resultata.