Innskulingsaktivitet for MK og KDA

Fredag 26. august var det såkalla innskulingsaktivitet på Volda vidaregåande skule. Vg2- og vg3-elevane på både MK og KDA hadde slått seg saman tidlegare i veka for å planlegge seks ulike stasjonar for denne fredagen.

I løpet av fire skuletimar skulle så alle elevane på dei to utdanningsprogramma innom dei seks stasjonane, så dette vart eit fint høve til å sosialisere seg og bli kjent med kvarandre på tvers av både klasse, utdanningsprogram og årstrinn.

Nedanfor kan du sjå ein video av teikningane som vart teikna på eine stasjonen (5 minutt pr. teikning der alle skulle teikne same motivet), og eit fotoalbum som vart laga i løpet av dagen (elevane kunne laste opp både selfies og bilete frå kamerarullen).

Fotoalbum-MK_KDA