Skribent: Håvard Krøvel-Velle
-
Fotosafari
Elevane som vél foto som fordjuping har brukt å reise på fotosafari til både Flø og Runde. Her gjeld det å kle seg godt og vere budd på å leggje seg ned for å fange dei gode motiva i fjøresteinane. Lærar Ståle Hansen er sjåfør i minibuss på denne tradisjonsrike dagsturen.
-
Juleverkstad
I byrjinga av desember plar MK arrangere juleverkstad. Då er det bort med datamaskinene og fram med saks, papir og limstift! I tillegg til å lage julepynt, julekort, høyre på julemusikk og ete klementinar og peparkaker, så ser me gjerne på julefilmar på eitt klasserom.
-
Utekoding
Ein sit ikkje berre framfor datamaskinene på MK. Til og med webkoding kan ein gjere «analogt»! I denne utetimen skulle elevane setje saman HTML- og CSS-koder ved å feste kodesnuttar med knappenåler i graset. Fyrst måtte dei klippe ut kodene, som stod i vilkårleg rekkefølgje på eit A3-ark. Så måtte dei setje dei saman i riktig…
-
MK-OSKAR
På tampen av kvart skuleår arrangerer MK sin eigen variant av The Academy Awards, populært kalla The Oscars. Med unntak av skrivemåten har tilstellinga mykje til felles med storebroren i Amerika: stivpynta deltakarar, stettglas med boblevatn, og sjølvsagt – raud løpar og photo shoot. På oskar.mk-volda.com kan du sjå hundrevis av elevprodukt i kategoriar som film, animasjon, foto,…
-
Sosialt på Årneset
MK har tradisjon for å samlast på Årneset, den lokale badeplassen i Volda, for grilling og bading – og ikkje minst: volleyballtevling mellom elevane og lærarane. Om vêret tillet det så prøver me å få til dette både ved skulestart og skuleslutt. Ein fin start og avslutning på sumarferien!
-
Skuleguiden
HOPP TIL: Framsidegalleri | Utdrag frå skuleguidar | Det praktiske arbeidet | Døme på prosjektplan MK har laga Volda vgs sin skulekatalog, populært kalla SKULEGUIDEN, heilt sidan skuleåret 2002-03. Dei første åra var berre omslaget i fargar, og innhaldet elles var ganske formell informasjon om skulen. Sidan har kvar utgåve utvikla seg, då målet ikkje berre har vore å lage årets skuleguide, men tidenes skuleguide!…