Skuleguiden

HOPP TIL:  Framsidegalleri |  Utdrag frå skuleguidar |  Det praktiske arbeidet |  Døme på prosjektplan

MK har laga Volda vgs sin skulekatalog, populært kalla SKULEGUIDEN, heilt sidan skuleåret 2002-03. Dei første åra var berre omslaget i fargar, og innhaldet elles var ganske formell informasjon om skulen. Sidan har kvar utgåve utvikla seg, då målet ikkje berre har vore å lage årets skuleguide, men tidenes skuleguide!

Det er mykje som har blitt gjort riktig med tidlegare skuleguidar, og det er ikkje meininga å finne opp (alt) kruttet på nytt. Men eit poeng er at den skuleguiden de lagar skal kjennest ny og frisk, med eit nytt og gjennomført design og nye og spennande vinklingar på innhaldet. Får de til å ta vare på det som er bra samstundes som de tileignar produktet noko nytt og spennande, så vil de ikkje berre få ei solid eigarkjensle til produktet, men kanskje dykkar “hjartebarn” faktisk kan gå inn i historia som ein av dei aller beste?

– Sitat frå prosjektplanen 2016-17

Framsidegalleri

Den største endringa kom skuleåret 2005-06, då me gjekk frå ståande til liggande format, full farge inni skuleguiden, fargekoding av utdanningsprogram og meir trivielt vinkla innhald i tillegg til det formelle om skulen. Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri av dei ulike framsidene, i kronologisk rekkefølgje.

Utdrag frå skuleguidar

I 2016-17 var me vågale og gjekk bort att frå den tradisjonsrike fargekodinga, og plasserte dessutan alle elevportretta samla, i staden for klassevis. Dette for å underbyggje samhaldet og det sosiale aspektet ved Volda vgs.

Vi har prøvd så godt vi kan å skape eit nytt og spennande konsept. I år har vi ikkje berre gjort eit par nye ting, vi har rett og slett revolusjonert skuleguiden! Korleis? Jau: Vi vil at elevane skal bli betre kjende med kvarandre, og har difor plassert alle portrettbileta samla, ikkje klassevis som tidlegare. Sameleis med klassebileta. Samhald er nemleg ein viktig faktor for eit godt læringsmiljø! Difor har vi også brukt ein del plass på å presentere alle tilsette, for vi vil at elevane skal bli betre kjende med HEILE skulen, ikkje berre medelevane og lærarane sine.

– Sitat frå redaksjonen si helsing i Skuleguiden 2016-17

Nedanfor kan du bla gjennom utdrag frå nokre skuleguidar. Namnelister, elevportrett og klassebilete er fjerna p.g.a. personvernomsyn (med eventuelt unntak av klassa som laga den aktuelle utgåva).

Skuleguiden-utdrag-2021-22

Skuleguiden-utdrag-2020-21

Skuleguiden-utdrag-2019-20

Skuleguiden-utdrag-2018-19

Skuleguiden-utdrag-2017-18

Skuleguiden-utdrag-2016-17

Skuleguiden-utdrag-2015-16

Skuleguiden-utdrag-2014-15

Skuleguiden-utdrag-2013-14

Skuleguiden-utdrag-2012-13

Skuleguiden-utdrag-2011-12

Det praktiske arbeidet

Skuleguideprosjektet inneber mykje praktisk arbeid, og ein får sosialisere seg mykje både innad i klassa og med resten av skulen.

På dette prosjektet har vi styrket samarbeidet og blitt den klassen vi har håpt på å bli siden første skoledag. Vi har aldri vært så nære hverandre som vi er nå, og det blir bare bedre. Alt har vært morsomt og lærerikt, og ingenting har vært spesielt kjedelig.

– Sitat frå ein elev sin sluttrapport etter skuleguideprosjektet

Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri som gir eit innblikk i dei mange og varierte arbredsoppgåvene under prosjektet.

Døme på prosjektplan (2019)

Prosjektplan-Skuleguiden-2019-20