OM MK-OSKAR

MK-OSKAR er medielina på Volda vgs. sin eigen variant av The Academy Awards, populært kalla The Oscars. Med unntak av skrivemåten har dei mykje til felles med storebroren i Amerika: stivpynta deltakarar, stettglas med boblevatn, og sjølvsagt – raud løpar og photo shoot.

MK-OSKAR har blitt arrangert i nesten 20 år, med godt over 1000 nominerte produkt. Nettsida går derimot berre attende til 2014, men er uansett eit rikhaldig arkiv av medieprodukt av alle slag.

Dato for årets utgåve er ikkje spikra enno, følg mkvolda på sosiale medium for oppdateringar. Medielinja er 25 år i år, så me håper årets MK-OSKAR kan ha endå meir glitter og stas enn vanleg.

Nedanfor kan du sjå ein flott stemningsrapport frå ei tidlegare utgåve av denne årvisse festkvelden.

Bruk elles menyane til å sjå nominerte produkt og vinnarar, år for år. Eller du kan klikke på enkeltkategoriar i merkelappskya. Du kan også lese om tidlegare arrangement, med foto og video frå arrangementet det aktuelle året.