Fag og timeplan

Medium og kommunikasjon er eit studieførebuande utdanningsprogram og har 35 skuletimar per veke, til liks med mellom anna Kunst, design og arkitektur og Musikk, dans og drama. Medieuttrykk og Mediesamfunnet ligg som faste programfag på alle tre årstrinna. På VG2 kan du i tillegg velje eitt valfritt programfag, og på VG3 kan du velje to valfrie programfag. Her kan du velje fag frå både Medium og kommunikasjon, Kunst, design og arkitektur eller Studiespesialiserande. Vi har 28 elevplassar på alle trinn.

  • Programfag VG1
  • Programfag VG2
  • Programfag VG3
VG1 VG2 VG3
Medieuttrykk 5 5 5
Mediesamfunnet 5 5 5
Valfritt programfag 5 5
Valfritt programfag 1 5
Norsk 4 4 6
Kroppsøving 2 2 2
Framandspråk 4 4
Matematikk 5 3-5
Engelsk 5
Naturfag 5
Historie 2 4
Samfunnsfag 3
Geografi 2
Religion 3

1 Dei som ikkje har framandspråk på ungdomsskulen, må også ha framandspråk på VG3 og kan difor berre velje eitt valfritt programfag det siste året.