Velkomen til MK-familien
Utdanningsprogram for MEDIUM OG KOMMUNIKASJON ved Volda vgs
“Vi vart raskt ein del av MK- familien då vi byrja i første klasse. Vi har eit veldig bra samhald i klassa.”
Bjørnar Torvholm Sævik
Om miljøet på MK (Foto: Privat)
Framtidsretta
Medium og kommunikasjon er:
- Eit utdanningsprogram for ei kreativ og digital framtid
- Praktisk og teoretisk utdanningsprogram med sterkt tverrfagleg fokus
- Varierte opplegg og spennande arbeidsmetodar
Mangfald
Moglege relevante yrkesval etter høgare utdanning:
- fotograf, reklameskapar, grafisk designer, lyddesigner, informasjonsarbeidar, journalist, tekstdesigner, manusforfattar, filmskapar, illustratør, animatør, medieteknikar, medielærar m.m.
“Etter vel to år på MK har eg absolutt fått utløp for kreativiteten min! Varierte oppgåver innanfor film, lyd, tekst og journalistikk har gitt meg høve til å prøve ut ideane mine.”
Peder Grimstad Helset
Om undervisninga på MK (Foto: Privat)
KVA?
Sjå fag- og timefordeling på MK.
KORLEIS?
Sjå døme på korleis vi jobbar på MK.
KVIFOR?
Sjå kvifor du vil trivast i MK-familien.