– Det må vere ein wow-faktor!

PRESENTERTE OPPDRAGET: Rektor Trond Hjelseth (til venstre) og assisterande rektor og avdelingsleiar Jan Terje Eidset gir 3MK oppdraget å lage Skuleguiden 2019. Foto: Åge André Breivik

Det sa rektor Trond Hjelseth då han vitja 3MK for å presentere oppdraget med å lage Skuleguiden 2019.

Skuleguiden er eit årvisst prosjekt ved Volda vidaregåande skule. Kvart år produserer elevar ved Medium og kommunikasjon skulekatalogen.

I løpet av få veker skal det lagast design og innhald til den nye katalogen.

– Det er nye fargar, nytt design og nye faglege tilnærmingar kvart år, sa rektor då han fekk presentere oppdraget for ei ny klasse.

Nøyaktig og kreativ

Dei om lag 30 elevane på VG3 skal no planlegge når all fotografering skal skje, skal kome i mål med design og få heile katalogen klar til haustferien.

– Den må vere nøyaktig, feilfri og kreativ, sa han saman med assisterande rektor Jan Terje Eidset. Eidset er også avdelingsleiar for MK-elevane som står bak katalogen.

Om få veker skal alle dei om lag 500 elevane ved Volda vidaregåande skule fotograferast av elevane i 3MK. I tillegg skal dei fotografere om lag 100 tilsette og ta klassebilete av om lag 20 klasser ved skulen.

– Bruk kreativiteten dykkar. Det har vore gjort kvart år med stort hell, sa Jan Terje.

– Få Skuleguiden til å blomstre, oppmoda han.

Les meir om Skuleguiden her.

Tradisjonen Skuleguiden

Skuleguideprosjektet er eit av flaggskipa til Medium og kommunikasjon, og gir ei god erfaring for elevane. Samarbeidet er viktig, og som ein oppstart til det spelte klassa brettspelet Pandemic.

Spelet er eit strategispel der elevane må samarbeide for å redde verda frå farlege virus. Med tre måtar å tape, og berre ein måte å vinne, gir det store utfordringar for spelarane.

– Dei redda verda, kunne faglærar Håvard Krøvel-Velle fortelje rektoratet.

SAMARBEID FOR VERDA: Elevane i 3MK måtte samarbeide for å redde verda mot sjukdom i spelet Pandemic. Foto: Åge André Breivik

Du kan følgje med på arbeidet med Skuleguiden 2019 på Facebook-sida til prosjektet, eller gjennom oppdateringane på Instagram.