A.I. ESC. Playthrough

Tysdag 14. juni 2022 kom tidlegare MK-elev, Emil Olai Tødenes, på besøk. Han jobbar i digleefy, eit selskap som jobbar med interaktiv historieforteljing. Då han vart spurt om å teste vårt digitale Escape Room medan han vart filma tok han utfordringa på strak arm!

Sjå video nedst i saka

Emil vart rekruttert til digleefy etter at han hadde vore på praksis hjå MK i 2021. Fleire andre MK-elevar har blitt rekruttert til det spennande firmaet, noko du kan lese meir om her.

I tillegg til å vere sporty forsøkskanin til vårt digitale Escape Room, så presenterte han firmaet og arbeidsoppgåvene sine i digleefy, med håp om å få rekruttert fleire. Elevane fekk så prøve ei miniutgåve av eit bli kjend-spel dei held på å utvikle. Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå dagen.

Og her er videon der Emil freistar å kome seg gjennom fyrste rommet i A.I. ESC., med hint og psykologisk støtte undervegs frå lærar og elevar.