Grunna korona har det ikkje vorte arrangert MK-OSKAR sidan skuleåret 2018-19.
Fredag 25. november 2022 arrangerte me difor eit vorschpiel der me såg på nominerte produkt frå tidlegare elevar, laga frå og med hausten 2020 til og med våren 2022, som ein smakebit på MK-OSKAR 2023. Denne light-versjonen var unnagjort på to skuletimar, der alt var halvvegs i høve slik ein skikkeleg MK-OSKAR plar vere: ein halv OSKAR-figur med gullprojeksjon, programleiar (Håvard Krøvel-Velle) halvpynta, og med nokre få underhaldningsinnslag – deriblant eit kunstig intelligens-generert musikkinnslag (sjå nedst i saka).
Vinnarane vart stemt fram av eksisterande elevar frå MK og KDA. Vinnarprodukta kan du sjå her, diploma ser du nedanfor.