Blant 111 nominerte produkt kjempa 44 finalistar om 8 OSKAR-statuettar.
Årets jury bestod av Dave King, Pål Aam og Simon Dagfinrud, og dei kåra følgjande vinnarar:
- Beste animasjon: THE ADVENTURE OF ERASMUS LAWFORD av Marie Haugen og Chris Skjærvik
- Beste design: MOR VET BEST av Helene Dammerud
- Beste film: AKUTTKIRURGI – FORSKJELLEN MELLOM LIV OG DØD av Malin Nordby Kvamme, Martine Leine Rafteseth, Anna Hjelle, Silje Blomvik, Erika Vatne og Therese Aarskog
- Beste foto: SAU av Malin Nordby Kvamme
- Beste lyd- og fotoreportasje: DAVE KING MINI COMIC-CON av Marie Haugen
- Beste lyd: KVIKK LUNSJ BLÅBÆR av Jonas Ellingsgård, Therese Aarskog og Marie Haugen
- Beste tekst: EG HAR ALDRI SETT EIN MUSIKAL av Malin Nordby Kvamme
I tillegg fekk Erik Breiteig heiderleg omtale for MEDIA KART. Publikumsprisen gjekk til THE DRAGONSLAYER av Ørjan Aaland, Erik Breiteig og Sivert Helland, med prisen for årets Wannabe-Doc gjekk til heile klasse 2MK1 for LIVET PÅ MK.
Vi gratulerer alle vinnarane og takkar for alle bidraga! Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå OSKAR-kvelden (foto: Åge André Breivik).