Utekoding

Ein sit ikkje berre framfor datamaskinene på MK. Til og med webkoding kan ein gjere «analogt»! I denne utetimen skulle elevane setje saman HTML- og CSS-koder ved å feste kodesnuttar med knappenåler i graset. Fyrst måtte dei klippe ut kodene, som stod i vilkårleg rekkefølgje på eit A3-ark. Så måtte dei setje dei saman i riktig rekkefølgje for å byggje strukturen til ei heilt enkel webside.