Hospitering 2017

20. – 22. november hadde me besøk av nærare hundre 10. klassingar. I løpet av dagen skulle dei i grupper lage kvar sin superheltfilm og tilhøyrande plakat, og fekk dermed prøve seg på både filming, redigering, fotografering og grafisk design.

1MK1 hjelpte og rettleia hospitantane. Med utgangspunkt i eit ferdigskrive storyboard med tilhøyrande animatic, stod dei fritt til å lage eigne kreative versjonar. Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå hospiteringa, ein kollasj av dei fleste filmane og plakatane som vart laga, og ei reportasje frå fyrste hospiteringsdagen (laga av Kristoffer Lilleøy i 2MK1).

Filmskaping med ivrige hospitantar!