Møre-Nytt på nytt

I løpet av fagdagen fredag 27. oktober laga 2MK1 ein lokal variant av det populære TV-programmet Nytt på nytt. Tidlegare i veka hadde elevane fulgt med på lokale og regionale nyhende, på leit etter satiriske skråblikk som kunne passe inn i programmet.

Det vart ein intens dag, då alt skulle skje i løpet av drøyt seks skuletimar: skrive manus, lage vignett, lage klart bilete og videoklipp, rigge TV-studio og klargjere og teste programvare og utstyr. Kl. 14.15 sat klasse 1MK1 klar som publikum, etter ei veldig kjapp generalprøve. No var det ingen veg attende …

Med tanke på dei svært knappe tidsrammene greidde elevane seg veldig bra. Sendinga vart gjennomført med ein «amatørmessig sjarm», og utan nemneverdige problem. Stemninga var god, og både aktørar og publikum var einige i at dette var noko me må gjere meir av!

Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå dagen, og ein kort smakebit av sendinga.

 

* Ein liten smakebit av TV-sendinga. I tillegg til dette var det både kven skal ut- og kva skjuler seg bak sladden-oppgåver.