Laurdag 20. oktober hadde Ervingen blandakor frå Hovdebygda ei oppsetjing beståande av Beatles-songar på Ørsta kulturhus. Elevar med valfaget Grafisk design på MK ved Volda vgs fekk i oppdrag å lage digitale bakgrunnar til kvar låt.
Instruksen var som følgjer:
«Høyr på låtane dine, studere tekstane, og prøv å visualisere tekstinnhaldet, stemninga eller tematikken.»
Resultatet vart slettes ikkje verst, med tanke på kor lite tid elevane hadde på dette prosjektet. Tilbakemeldingane frå både Ervingen blandakor og publikum var i alle fall særs gode, og sette ein prikk over i-en på dei elles svært vellukka framsyningane.

* Elevane i 2MK1 som står bak bakgrunnane. Bak frå venstre: Daniel Pilskog Homberset, Øystein Nyhammer, Jasper Grenager Longva, Anker Alexander Bugge, Håkon Følsvik. Framme frå venstre: Madeleine Vatne Viddal, Amanda Holstad Ramstad, Ida Kathrine Scheel, Dennis Solvåg Løvold. Ikkje til stades: Leander Bjøringsøy Bondhus Foto: Ståle Hansen
Nedanfor kan de sjå ein kort videokollasj av alle bakgrunnane i aksjon på scena (diverre berre filma med eit mobilkamera), i tillegg til eit biletgalleri med alle bakgrunnane.
P.S. Då me naturleg nok ikkje har rettane til å publisere video med Beatles sin musikk så ligg det berre eit rettigheitsklarert lydspor frå Audioblocks oppå videoen.
-
Sgt. Pepper and the Lonely Hearts Club Band
-
Ticket to Ride
-
She's Leaving Home
-
Because
-
Here, There and Everywhere
-
Imagine
-
Something
-
Strawberry Fields Forever
-
Lady Madonna
-
Come Together
-
Når eg blir 67 (Ivar Medaas-versjon av When I'm sixty-seven)
-
Hey Jude
-
Blackbird
-
Yesterday
-
Nowhereman
-
Drive My Car
-
Michelle
-
We Can Work it Out
-
Let it Be
-
Sgt. Pepper and the Lonely Hearts Club Band
-
With a Little Help From My Friends
-
All You Need is Love
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-