Musikalen

HOPP TIL: Plakatgalleri | Programhefte | Nettsider | Det praktiske arbeidet | Prosjektplan

Som einaste vidaregåande skule i fylket, og blant få i heile landet, set Volda vgs opp musikal kvart einaste år. Fyrste åra var MK si oppgåve hovudsakleg å filme framsyninga og ta nokre bilete. Siste åra har MK sitt oppdrag derimot eskalert kraftig, og me er no likestilt med musikklinja «på plakaten».

No driv me nemleg storstilt marknadsføring gjennom vår eigen medieredaksjon, me utformar den grafiske profilen og lagar både plakat og programhefte, me lagar og driftar den offisielle nettstaden,  www.musikalen.no, me arrangerer «photo shoot» av rolleinnehavarane og dokumenterer prosjektet gjennom både foto og video, og me er ein del av det som skjer på scena gjennom våre digitale kulisser og visuelle effekter. I tillegg til dette har me andre oppgåver, som varierer frå år til år. Me har til dømes fleire gonger laga musikkvideoar og filmsekvensar som er ein del av handlinga i musikalen, me har hatt musikal-TV og livesendingar på radio, me har laga t-skjorter, og me har til og med koreografert ein opningsdans! Og no skal me ikkje berre  filmeframsyninga, men derimot  fange stemninga og fortelje historia gjennom ein profesjonell fleirkameraproduksjon.

«Prosjektet har høg prestisje med store forventningar, og gir eit stort utbyte både fagleg og sosialt. Målet med kvar musikal er å skape eit fyrverkeri av eit show der vi viser publikum korleis Volda vgs stadig hevar lista og utviklar musikalkonseptet. Ambisjonane til MK er å gi god og spanande informasjon til lokalsamfunnet, bidra til å gi publikum ei kjempeoppleving, og gi musikklinja eit minne for livet.«


– Sitat frå prosjektplanen 2016-17

Plakatgalleri

Her kan du sjå alle musikalplakatane til Volda vgs, i kronologisk rekkefølgje. Blant oppføringane finn me både kjende musikalar som Les MiserablesPhantom Of The Opera og Chess, men også ei rekkje sjølvskrivne musikalar, ofte bygd opp utifrå tekstene til ein kjend artist, som t.d. MoonwWalker (Michael Jackson),  Hello/Goodbye (The Beatles),  Kingdom Of Desire (Toto) og Goodbye Yellow Brick Road (Elton John).

Programhefte

Frå å ha laga berre ein liten faldar fyrste åra, skrive ut og kopiert på kopimaskina på skulen, så har me siste åra fått trykt opp stilfulle programhefte i fargar, på opptil 24 sider, i topp trykkteknisk kvalitet. I programhefta får du eit bilete av kor mange aktørar som står bak, her er nokre døme frå siste åra.

Program-Musikalen-2020

Program-Musikalen-2019

Program-Musikalen-2018

Program-Musikalen-2017

Program-Musikalen-2016

Program-Musikalen-2015

Program-Musikalen-2014

Program-Musikalen-2013

Nettsider

Siste åra har me publisert innhald dagleg gjennom nesten heile prosjektet, med ei opptrapping under sjølve musikalveka. Her finn du både tekstartiklar, biletgalleri og videoreportasjer. Nedanfor kan du klikke deg til nettsidene heilt attende til 2013  (P.S. Tidlegare nettsider er forenkla med WordPress sin standardbunad, og ser difor ikkje sameleis ut som då dei var aktive):

Det praktiske arbeidet

På nettsidene finn du mange saker, bilete og video også om MK sitt arbeid på musikalprosjektet. Arbeidet er svært praktisk og variert, men også omfattande og krevjande.

Alt i alt så syns jeg at musikalen har vært det beste prosjektet vi noen gang har hatt. Det har vært både slitsomt og lærerikt – vi har gitt mye av fritiden vår, men herregud: om jeg hadde fått muligheten til å være med igjen ville jeg ikke nøle med å takke ja. Vi fikk god hjelp fra lærerne, både fra MK og MU, og jeg mener at hele prosjektet har fått både elever og lærere i de to linjene til å stå sammen og kjenne hverandre bedre. De siste ukene har vært slitsomme, men fantastiske.

– Sitat frå ein elev si eigenvurdering etter prosjektslutt

Her kjem nokre bakom-bilete av MK sitt arbeid under 2013-musikalen, Kingdom Of Desire:

Døme på prosjektplan (2020)

Musikalprosjektet er det klart største prosjektet for MK. Klikk på linken nedanfor for å opne PDF av prosjektplanen frå musikalprosjektet i 2020. Her vil du finne prosjektskildring og ambisjonar, organisering og oppgåver, vurderingskriterium og generelle retningslinjer for prosjektet.

Prosjektplan