Platecover

9. november 2018 var det fagdag i Grafisk design. Dette var starten på eit prosjekt som skulle munne ut i 10 stk. platecover.

Platecovera vart printa i riktig storleik (31,5 cm) på 300 gram tjukt papir. Nedanfor kan du sjå ein video av korleis dei vart sjåande ut på trykk.

På fagdagen hadde lærar Håvard Krøvel-Velle med seg platespelar og si private vinylsamling. Kollega Ståle Hansen hadde også med seg nokre «skattar» frå si private samling, mellom anna eit Motörhead-cover i lær og eit Jethro Tull-cover med figurar som «poppar opp» når ein opnar omslaget (som i ei barnebok).

Dagen starta med nokre kreative øvingar: Fyrst ei oppgåve der elevane på papir skulle lage eit platecover berre ved hjelp av geometriske figurar; deretter skulle dei lage eit platecover for eit fiktivt band, innan ein bestemt sjanger – denne gongen på data. Begge deler vart posta på ei digital oppslagstavle (sjå biletgalleri lenger ned på sida). På slutten av dagen vitja me den lokale «Bokmannen», som i tillegg til bruktbøker har ei stor samling med brukt vinyl. Oppgåva her var å finne inspirasjon til eigne platecover.

På grunn av opphavsrett kunne ikkje elevane lage platecover for kjende artistar. Elevane fann difor på namn sjølve, somme ved hjelp av ein online «band name generator».

Nedanfor kan du sjå eit galleri med bilete av alle platecovera + nokre bilete frå fagdagen.