På besøk for å overta stafettpinnen

I dag runda me av Musikalen 2020. I salen sat 1MK, som tek stafettpinnen vidare neste år. 

TEKST: Åge André Breivik, fagkoordinator for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule

FRAMSIDEBILETE: 1MK besøkte 2MK på Ørsta kulturhus for å ta over stafettpinnen før neste års musikalprosjekt. Foto: Åge André Breivik

På Medium og kommunikasjon er det tradisjon at VG2-elevane er med på musikalprosjektet. Difor var dei inviterte til å sjå skuleframsyninga fredag. Den avslutta musikalprosjektet for i år, og gav elevane ein peikepinn på kva som ventar dei.

Elevane fekk sjå korleis 2MK har jobba med prosjektet, fortalt av elevane som har gjort jobben i år. 

– Me må sjå både detaljane og dei store bileta, sa Mona Våge. Ho har vore fotograf på kulturhuset i musikalveka.

Sjå biletgalleria på musikalnettsida her:

Bileta frå kulturhuset er tekne av dei to fotografane Mona Våge og Andreas Myhre Holen. Saman med William Gravdal var dei også ansvarlege for fotoshooten som enda opp som bilete til programbladet.

Mona Våge var programleiar for Musikal-TV 2020. Sigurd Meek Aaslid styrer spakane i miksen. Foto: Åge André Breivik.

Laga fjernsyn om musikalen

Tidlegare i prosjektet har ho vore i medieredaksjonen til 2MK. Der har ho skrive, fotografert, og ikkje minst vore programleiar for Musikal-TV.

Sjå musikalsendingane på musikalen sine nettsider her:

– Nokre ting har me måtte ta opp att, for det er ikkje alt som går som planlagt, fortalte ho fyrsteklassingane då dei var på besøk.

2MK har tilhold i eit redaksjonslokale ved sidan av kulturhussalen. Der jobbar alle med sine prosjekt.

Dagane startar med eit fellesmøte der oppgåver blir fordelte. Fleirkameragjengen riggar sine ting på plass, og snakkar seg gjennom eventuelle endringar som må gjerast.

Fotografane sjekkar bileta frå dagen før, og duoen bak stemningsrapportane tek med seg kamera og går på ekspedisjon.


Følg oss på Facebook og Instagram for å få oppdateringar om kva me driv med:

Dokumenterer framsyningane

Sigurd Meek Aaslid sit ved miksebordet og viser korleis fleirkameraproduksjonen føregår. Elevane frå 1MK får ei kjapp innføring i kva jobben inneber. Foto: Åge André Breivik.

– Her tek me opp lyden, og her tek me opp video, seier Sigurd Meek Aaslid.

– Desse skal me synke saman etterpå så musikkelevene får sjå framsyninga.

Han har hatt ansvar for klippinga av fleirkameraproduksjonen. I salen sit tre medelevar med kvart sitt kamera. Dei har med seg ei hugseliste med alt som skal filmast i kvar scene.

I tillegg har Sigurd eit fjerde kamera som han og makker Sofie kan velje om dei vil vise dei fantastiske kulissene som medelevar har laga.

Ana Sefer (til høgre) styrer kulissene saman med Eirin Myklebust Lødøen (med ryggen til). Foto: Åge André Breivik.

– Når me starta på kulissene jobba me i Photoshop, Illustrator, After Effects og Premiere, seier Ana Sefer bak ved veggen.

Saman med Eirin Myklebust Lødøen styrer ho dei digitale kulissene som flyttar oss i tid og rom under framsyningane.

Kulissene må styrast med ein presisjon som stemmer med lyssetjing, koreografi og alt som skjer på scena. I mørket mellom scenene flyttar dei gigantiske isoporklossane på scena seg til si nye plassering, og når lyset kjem på er me flytta frå bjørkeskog til fjernsynsstudio.

Bakomfilm og stemningsrapportar

Musikalprosjektet for MK sin del startar for fullt etter nyttår. Når vinterferien kjem er ein nesten i mål. Då gjenstår finpussen for alle produkt som ikkje allereie er ferdigstilte.

Victoria og Rebekka viser fram kva dei har gjort så langt for å lage bakomfilmen. Foto: Åge André Breivik.

– Me er nesten i mål med filming, seier Victoria Myklebust. Ho lagar årets bakomfilm saman med Rebekka Igland Nygjerd.

Dokumentarfilmen skal vise prosessen bak Musikalen 2020, og samarbeidet mellom dei tre linjene som er med.

I år er Kunst, Design og Arkitektur med, med si VG2-klasse. I tillegg til å gjere lobbyen i kulturhuset om til ein eventyrskog har dei også vore med i medieproduksjonen. Elevane kan velje valfaga Bilde og Grafisk design, og har gjennom det fått vere med å utforme digitale kulisser, plakat og ta bilete til galleri på nettsida. 

Gjennom heile musikalveka blir det publisert stemningsrapportar frå kulturhuset. Elevane som står bak i år er Ina Mårstøl Vinjevoll og Selma Lid. Dei startar ved oppmøte kvar dag, og lagar ferdig ein video før dei går heim.

Ina filmar, og Selma held mikrofonen. Bak sceneteppet filmar dei etter siste framsyninga fredag. Foto: Åge André Breivik

Videoproduksjonen er ei god øving, både i å vere framfor kamera, å filme og det å redigere saman ein ferdig video.

Sjå stemningsrapportane frå Musikalen 2020 her:

1. mars er søknadsfristen for å søkje seg til Medium og kommunikasjon til hausten 2020. Kjenner du, eller er du, ein tiandeklassing som vil vere med på denne typen produksjon? Tips dei om MK.

Musikalen Askeladden.dotcom var den tjuefjerde musikalen i rekkja. I år er det for fyrste gong tre linjer som samarbeider. MK sitt bidrag involverer promotering av arrangementet, dokumentasjon av prosessen og å gi publikum ei god oppleving, både gjennom kulisser og programblad. Foto: Åge André Breivik.