På tampen av skuleåret gjennomførte me eit spennande prosjekt. Andre- og tredjeklassingane på MK slo seg saman i felles medietimar nest siste skuleveka og laga kvar sin AR-kortfilm.

AR står for Augmented Reality og betyr altså “utvida røynd”. Dvs. at ein miksar den verkelege verda med ei virtuell – eit ekstra digitalt lag oppå røynda. À la kameraeffekter i Snapchat og Instagram, eller spel som Pokémon Go.

Ludenso har laga eit app- og nettbasert 3D-program som er skikkeleg lågterskel, dvs. at kven som helst skal kunne skape enkle 3D-modellar utan forkunnskap. Men det geniale med konseptet deira er at du kan sjå 3D-modellane som AR umiddelbart, gjennom mobilen!

Med minimalt med tid (tre økter á 90 minutt) fekk elevane ei særs enkel og tydeleg ramme for kva dei skulle lage, men som likevel hadde stort rom for kreativ fridom.

Den enkle synopsisen var som følgjer:

Person(ar) oppdagar eit sett med bokstavar rundt omkring. Bokstavane vert samla inn og dannar til slutt ordet THE END.

Her er ein kort demo laga av lærar Håvard Krøvel-Velle:

Nedanfor kan du sjå nokre av filmane elevane rakk å lage ferdig + ein kollasj av bakombilete og-video. Vonleg kan me gjennomføre liknande prosjektet med litt meir tid i framtida.