Aktuelle oppgåver til faget «Utdanningsval» i ungdomsskulen

OPPGÅVE 1
(2-4 skuletimar)

På våre nettsider har me samla nokre «fotavtrykk» frå tidlegare MK-elevar, dvs. presentasjon av eit utval MK-elevar som jobbar med ulike yrke i mediebransjen no, som har jobba i mediebransjen tidlegare, eller – som driv med heilt andre ting, men der mediekompetansen likevel kjem godt med.

Sjå gjennom desse fotavtrykka og vél deg ut ein person som du tykkjer har (eller har hatt) eit spennande mediefagleg yrke. Prøv så å finne eksempel på noko denne eleven har laga, eller har vore med på å lage. Du kan klikke på lenkjene i omtalen til den enkelte, eller du kan søkje opp namnet deira på Google. Prøv også å finne ut mest mogleg om kva dette yrket inneber.

På slutten av økta kan læraren vise fram nokre av desse eksempla på videokanon, og klassa kan diskutere dei aktuelle yrka i plenum. Er det eit spennande yrke? Korleis ser jobbkvardagen ut i dette yrket? Kva utdanning trengs for dette yrket? Elevane som leita fram eksempla kan gjerne fortelje litt om det dei har funne ut om den aktuelle personen og yrket til vedkomande.

Me har også laga ein Kahoot! med ti spørsmål. Spørsmåla tek utgangspunkt i desse fotavtrykk-sidene. Det er lagt inn responstid på 30 sekund per spørsmål, så elevane kan gjerne vere to-og-to på lag. Då kan den eine ha nettsida open på ein datamaskin og prøve å leite opp svara, medan den andre sit klar med mobiltelefonen for å klikke på ønska svaralternativ.

P.S. Læraren må logge inn med ein Kahoot!-brukar for å køyre den i klassa (det er gratis).

Filer:

 

OPPGÅVE 2
(4-8 skuletimar)

oskar.mk-volda.com ligg fleire hundre medieprodukt som elevar på MK har laga siste åra. MK-OSKAR er medielina på Volda vgs. sin eigen variant av The Academy Awards, populært kalla «The Oscars», og vert arrangert på tampen av kvart skuleår.

Sjå kjapt gjennom kategoriane Animasjon og Film og vél deg ut éin eller fleire filmar som verkar spennande. Poenget er at de vél ut eit knippe filmar og lagar dykkar eigen vesle filmfestival. Kor mange filmar som skal stå på på programmet lyt læraren bestemme (avhengig av kor mange timar de kan bruke på dette). Lengd på filmane står oppgitt.

VIKTIG! For at festivalen skal ha ein verdi, så er det viktig at de ikkje ser gjennom heile filmane i forkant. Prøv difor å velje ut eit program basert på titlar og eventuell avspeling av berre starten av filmane (10-20 første sekunda).

Nokon i klassa kan jobbe med å lage ein plakat eller hefte med oversikt over filmprogrammet. Finn gjerne også på eit eige namn på festivalen. Kanskje kan de også invitere andre klasser til festivalen? Og kanskje de også vil ha ei avstemming og kåring av beste film?

På MK nyttar me program frå Adobe, mellom anna Photoshop, til å designe grafiske produkt. De kan laste ned ein gratis prøveversjon her: http://bit.ly/photoshop-proveversjon (klikk på «Free Trial» i toppmenyen). Du finn gode instruksjonsvideoar på Adobe sine eigne nettsider: https://helpx.adobe.com/photoshop/tutorials.html. Alternativt kan de nytte Word, Open Office eller liknande (det de måtte ha tilgjengeleg).

Her er ein serie med korte og informative videoar på YouTube-video som tek for seg grunnleggande designprinsipp:

P.S. Når filmprogrammet er spikra så kan det vere lurt å lage eit tekstdokument med linkar til kvar film, i kronologisk rekkefølgje.

Filer: