Samarbeid med KDA om motemagasin

Hausten 2020 hadde KDA (utdanningsprogram for Kunst, design og arkitektur) eit spennande moteprosjekt som involverte alle tre årstrinna. MK vart med på moroa.

Opprinneleg plan var å arrangere eit storstilt moteshow på skulen, med catwalk og heile pakka. Men som med så mykje anna dette skuleåret så sette koronaen ein stoppar for dette. Løysinga for KDA vart å alliere seg med MK og få laga eit motemagasin i staden.

Dermed vart det arrangert fotoshoot i MK sitt fotostudio, med MK-elev Victoria Myklebust bak kamera. Etter biletbehandling gjekk jobben over til Selma Lid og Ina Mårstøl Vinjevoll i 3MK, som designa og sette saman sjølve magasinet i Adobe InDesign.

Sjå heile magasinet nedanfor!

Motemagasin-KDA-MK-kompr