Kategori: Prosjekt

  • AR-film

    AR-film

    På tampen av skuleåret gjennomførte me eit spennande prosjekt. Andre- og tredjeklassingane på MK slo seg saman i felles medietimar nest siste skuleveka og laga kvar sin AR-kortfilm. AR står for Augmented Reality og betyr altså “utvida røynd”. Dvs. at ein miksar den verkelege verda med ei virtuell – eit ekstra digitalt lag oppå røynda.…

  • Promovideoar for Epic Wreck

    Promovideoar for Epic Wreck

    24. mars 2021 fekk med overrekt eit kult oppdrag i Grafisk design: Å lage promovideoar for studentbedrifta Epic Wreck. To tidlegare MK-elevar gav oss oppdraget: Josefine Karen Blixencrone og Victoria Helde. Fyrstnemnde har starta studentbedrift, og sistnemnde har vore på praksis i bedrifta. Begge gjekk same kull på MK-linja, uteksaminert i 2018. Konseptet går kort…

  • Samarbeid med KDA om motemagasin

    Samarbeid med KDA om motemagasin

    Hausten 2020 hadde KDA (utdanningsprogram for Kunst, design og arkitektur) eit spennande moteprosjekt som involverte alle tre årstrinna. MK vart med på moroa. Opprinneleg plan var å arrangere eit storstilt moteshow på skulen, med catwalk og heile pakka. Men som med så mykje anna dette skuleåret så sette koronaen ein stoppar for dette. Løysinga for…

  • Musikkvideoar for Side Brok

    Musikkvideoar for Side Brok

    Våren 2019 gjennomførte me eit særs kreativt og spennande prosjekt i faget Grafisk design, nemleg å lage to musikkvideoar til dei lokale hip hop-heltane i Side Brok. I faget sin natur var det viktig at me fekk gjort noko grafisk. Difor ba me om å få to timar med kvar av frontfigurane i TV-studio på…

  • Bygdlesfeber

    Bygdlesfeber

    15. november 2019 var det premiere på Bygdlesfeber – ei lokal framstilling av The Beatles, Elton John, The Eagles med fleire, i form av ein musikal på Folkestad. Medielinja ved Volda vgs var tungt inne med bidrag til den visuelle delen: Elevar med valfag Grafisk design på vg2 laga digitale kulisser, medan elevar med Mediespesialisering…

  • Bidrag til «Øyralangs»

    Bidrag til «Øyralangs»

    MK debuterte i 2019 som bidragsytarar til det populære Volda-arrangementet, Øyralangs. Øyralangs er ei kulturell lysvandring på stien mellom Årneset og Volda sentrum. Langs stien vil du kunne oppleve musikk, dans, drama, kunst – og ulike installasjonar og stemningsfull lyssetjing er ein viktig del av vandringa. Frå nettsidene til arrangementet på Facebook (fritt omsett). MK…

  • Platecover

    Platecover

    9. november 2018 var det fagdag i Grafisk design. Dette var starten på eit prosjekt som skulle munne ut i 10 stk. platecover. Platecovera vart printa i riktig storleik (31,5 cm) på 300 gram tjukt papir. Nedanfor kan du sjå ein video av korleis dei vart sjåande ut på trykk. På fagdagen hadde lærar Håvard…

  • Martua Escape

    Martua Escape

    HOPP TIL: Biletgalleri | Avisomtale | Showreel (video) | Behind the scenes Hausten 2018 laga elevar og lærarar eit Escape Room på gamlegymnaset i Volda. Etter å ha testa det på medelevar, med stor suksess, så bestemte me oss for å opne det for publikum. Dermed vart det Volda sitt fyrste offisielle Escape Room. Frå…

  • Musikalen

    Musikalen

    HOPP TIL: Plakatgalleri | Programhefte | Nettsider | Det praktiske arbeidet | Prosjektplan Som einaste vidaregåande skule i fylket, og blant få i heile landet, set Volda vgs opp musikal kvart einaste år. Fyrste åra var MK si oppgåve hovudsakleg å filme framsyninga og ta nokre bilete. Siste åra har MK sitt oppdrag derimot eskalert kraftig, og me…

  • Kreativ fotografering

    Kreativ fotografering

    Elevar med Bilete som valfritt programfag på vg2 har i haust eksperimentert og leika seg kreativt med lang og kort lukkartid, fotografering gjennom ulike gjenstandar (provisoriske filter) med meir. Ein kan få til mykje spennande også utan Photoshop! Dårleg sunnmørsvêr har ikkje vore noko hindring …